Er det tilfeldig at assistenten til han i Jorda rundt på 80 dagar heiter Passaporte?

Det er den dag en då ekte arbeiderar går i tog nede i sentrum. I solidaritet med arbeidsfolket og i kamp for rettferd og fridom. 

Det er òg far sin fødselsdag. Det er den dagen då det er Søndag og første mai på ein gong. Ein raud dag på ein raud dag vil alltid kjennast som eit tap. Ni rette i tipping.

Han skulle vore flytta, var det ein som sa, og eg veit at han meinte det litt


Alle vil reisa no som pandemien er slutt, og derfor er det travelt hjå politiet i høve utstading av nye pass. Eg kjenner folk som måtte reisa til Etne eller Eigersund eller andre perifere utkantar, Rållså fekk plass i går, på flyplassen klokka kvart på ti på kvelden, og så sette ho seg på toget.

Laurdagane hjå oss brukar vera slik at Endre vert køyrt til Jørpeland kring 11 og Ingrid stikk til byen for å henga med vener, og Rållså og eg sit i kvar vår fløy og les eller skriv eller ser på noko eller førebuer oss, eller eg er på øving i eitt av banda mine eller ser fotball.


I går, siste dagen i april 2022 var det omtrent slik.

Eg var ute og såg kamp på puben, for første gong sidan mars, drakk tre flasker Carlsberg light medan Liverpool-maskineriet kverna nyrike Newcastle united  til farse på St.James’s park.

Eg knipte mine gamle vener til avskjed og lokaliserte dottera mi pr. telefon, og til slutt fekk eg henne med heim.

Og så åt me middag og såg Musikalfilmen The Heights i kjellaren medan me åt sjokolade og surt godteri om ein annnan.

Eg sovna undervegs, og det var nokså godt gjort, om ein tek det høge lydnivået i betraktning.

Ingrid kunne alt utanat og la ut om favorittscenar og songar og kven ho lika og ikkje og om eg hadde nokon favorittkarakter? Eg kjente igjen ei frå ‘Orange is the New Black’.

Eg freista vera diplomatisk. Det hadde vore lettare å seia kvifor ein karakter eg mislika mest. Og det hadde mest med korleis han song, med ei slags soul-fistel røyst som minna om Craig David.

I sekstida kom bestefar med Endre. Og etter at Ingrid hadde spela piano med bestefar, vart eg og han sitjande og diskutera kvifor Liverpool og Manchester City var verdas beste fotballag.

Det er kjekt å halda med eit av verdas beste fotballag, det er ikkje til å koma vekk frå.

Ingrid og eg såg ferdig The Heights og åt potetgull og drakk Solo som me delte med Endre, og kvart på ni samla me troppene og passa og diverse skjema og pakka oss inn i bilen for å sette kursen mot flyplassen.

Det er berre russen og drosjane og kriminelle som er ute og rek i bil på Laurdagskveldane.

Då me kom inn i terminakbygget, blinka det berre tre flygingar på skjermen, og ho på informasjonen viste tydeleg at ho var lei av at folk ba om informasjon om kor politiet heldt til. For andre som skal fornya pass på flyplassen eller har ting å gjera med politiet, så ligg det i tredje etasje, og dei har fått fine ny er lokale, og fansypansy utstyr til å ta bilete og fingeravtrykk, og gudane veit kva anna den maskinen kan gjera. Opna flasker og koka kaffi? Kommunisera direkte med Elon Musk? Utføra enkle medisinske inngrep? Det ser eg ikkje vekk i frå.

 

Det oppstår ein spesiell dynamikk mellom ungane og meg kvar gong me er ute på slike offisielle oppdrag, det målet er å få involverte partar i godt humør, og det tek ikkje så long tid før den unge politimannen smiler bak ruta der me vimsar rundt maskina og målebandet på utsida og dreg hår og øyredobbar vekk frå andletet, og 584 kroner for to pass er ikkje så dyrt, og då me går derifrå er me enige om at han politien var ok, i motsetnad til dama på politihuset for nokre år sidan.

Me betaler skandaløse 80 kroner for ein drøy times parkering, og så køyrer me heim til Tjensvoll og krysser fingrane for at passa kjem i posten før me skal reisa til utlandet.

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta