Flått

 





Me er ute og går igjen, Endre og eg.

Våren har kome og digitavla ved Brustadbua viser 17 grader

Me har gått runden kring Mosvatnet, med kolonihagen på Våland som tenkt endestasjon. Innimellom grip han handa mi.

Det er ingen vafler igjen der, i hovudhuset, men dei har is. Pinup eller friskis, og det er ein liten kopp kaffi att, og eit glas saft, og me set oss ved eit bord på utsida, midt oppi alt det grøne og blømande.

Me går heim igjen opp bakken frå Saksamarka, og Endre ser ner i grøfta og seier:

- Eg trur eg ser ei hanntikka.

- Eller kanskje det e ei HUtikka, svarar eg.

- Eller ei HENTIKKA, smell det frå junior.

Og frå no av finns det ikkje noko anna.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta