Innlegg

Viser innlegg fra november, 2021

Cloudy Mountains

Bilde
I går var eg på konsert med Strandabandet Pumping Flamingo på Cementen scene i Stavanger. Eg tok bussen inn til byen kring halv ni, eg hadde vasa vekk blutooth-proppane mine og gløymd headsettet på jobb, så for første gong på lenge var eg på plass i det lyduniverset som er 4-bussen ein fredagskveld i November. Det er mykje unge folk på veg til fest. Oppgira, men ikkje overstadige. Eg spelar wordfeud med Plommetjuven, og ser at han kjem til å slå meg med eit par poeng. Eg tykkjer det er anstrengande å treffa monge folk som eg kjenner berre litt. Det er ikkje nødvendigvis deira feil. Det er uansett veldig greit å ha Beelzebub med seg. Han har ryggen min, og eg har hans. Det er som eg hadde trudd - eit større antal halvkjende og kjende - på stigande rus. Alle i alderen 35-55. Det er mange nikk og hei  og javel , og det er nokså triveleg og B og eg går inn i konsertlokalet, som er temmeleg intimt, med plass til kring 100, med eit galleri der nokre kan sitja øverst og bakerst, og lydmannen