Cloudy Mountains




I går var eg på konsert med Strandabandet Pumping Flamingo på Cementen scene i Stavanger.

Eg tok bussen inn til byen kring halv ni, eg hadde vasa vekk blutooth-proppane mine og gløymd headsettet på jobb, så for første gong på lenge var eg på plass i det lyduniverset som er 4-bussen ein fredagskveld i November.

Det er mykje unge folk på veg til fest. Oppgira, men ikkje overstadige. Eg spelar wordfeud med Plommetjuven, og ser at han kjem til å slå meg med eit par poeng.

Eg tykkjer det er anstrengande å treffa monge folk som eg kjenner berre litt. Det er ikkje nødvendigvis deira feil. Det er uansett veldig greit å ha Beelzebub med seg. Han har ryggen min, og eg har hans.

Det er som eg hadde trudd - eit større antal halvkjende og kjende - på stigande rus. Alle i alderen 35-55.

Det er mange nikk og hei og javel , og det er nokså triveleg og B og eg går inn i konsertlokalet, som er temmeleg intimt, med plass til kring 100, med eit galleri der nokre kan sitja øverst og bakerst, og lydmannen med miksepulten sitjande på ein slags balkong øverst til venstre på galleriet.

Sitjeplassane vært fylt opp først. Eg og Beelzebub finn ein stad med god sikt og plass til å setja ølglasa, og sjans til å lena seg mot ein veggen. Me får selskap av ein ven som er fullare enn oss, dansande og glad med ei øl i eine handa og eit lite glas med akevitt i den hi.

Bandet kjem på scenen og dunkar i gong settet sitt. Dei er veldig samspelte, og ser ut som dei kosar seg. Det er gode melodiar, og ganske progressivt driv i botnen, eg kjenner igjen songane frå debutplata som kom tidlegare i år, og som eg har høyrt ein del på. Eg likar når dei korar. Morten er ein enormt god vokalist, med stort spenn og ei voldsom kraft, og er med på akustisk gitar. 

For meg er det likevel Sveinung på bass som er den største stjerna, der han står bakerst i kroken med bassen, og han er veldig på, på både bassing og koring. Inne i musikken er han, i motsetnad til ein alt for stor del av publikum, som kaklar og ler som høns frå helvete.

Flamingoane har med seg ein mann på tangentar òg, som heite Svein Erik, og som fyller godt inn, og etter kva eg har forstått, så har ikkje han vore med live før. Men FOR ein musikar han er!

Det er ikkje første gong eg har vore på konsert og lete meg irritera av mine medpublikummerar, men igjennom koronaen vart ting betre for konsertgjengarar og band som likar å lytta til kva som faktisk vert spelt. Blant anna spela me nokre konsertar med Skyggebror som eg opplevde som veldig positive. Andre konsertar som var fantastiske var Ledfoot på Ogna Scene, og ikkje minst Stein Torleif Bjella i maskinhallen på Tou Scene. 

Eg hadde kanskje gløymt korleis det kan vera.

Morten presenterer The Magic Oak, som er ein heilt fersk låt, og den vert eit høgdepunkt oppi alt mylderet, svevande, nydeleg melodi, og sterkt levert av eit veldig godt band. Dersom det høres like bra ut på plate, så kan dette verta enormt bra!

Det er vel på dette tidspuktet at eit par av dei mest påsegla mannlege publikummerane freistar å få med seg nokre av damene som står framom scenen på å svinga seg litt, og det ser ikkje bra ut, for dei har ikkje lyst, men er promillen høg nok så kan avvising vera vanskeleg å forstå, og særleg når sjarmen er heilt på fullt og korkje smil, skåling, eller frekke dansemoves tilsynelatande har nokon effekt.

Det kjem ein fin versjon av Grant Lee Buffalo- hiten Fuzzy, og særleg  den meir skjenkte delen av det kvinnelege publikummet set pris på denne.

For meg er det den aller siste songen - Cloudy Mountains som er det største høgdepunktet, og til tross for all snakkinga og kaklinga og låtten, så vært eg dregen inn i stemninga, og koringane sit som dei skal og det er tendensar til gåsehud. Nydeleg!

Alt i alt var det ein VELDIG fin konsert øydelagt av eit ELENDIG publikum, og eg greip meg i å tenka at eg heller ville ha spelt for 10 som var inne i musikken enn dette her. Kudos til bandet som ikkje gjekk av scenen i sinne eller ba folk dra til helvete.

Helsing songar (51)




Kommentarer

Morten sa…
Kjekk lesing Østen 👏👏 spot on på noen av de kakklesjuge🥶🥶

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta