Innlegg

Viser innlegg fra september, 2021

Ein roadtrip til Sand

Bilde
 Det er ein Laurdag i September 2021, 20 år etter World Trade Centre, 48 år etter fascist-militærkuppet i Chile, men det har ingen ting med denne historia å gjera, Ettersommaren har vore varm og tørr, men akkurat denne dagen regner det i Ryfylke. Det ligg skodd i søkk og dalføre, og eg har akkurat litt for dårleg tid til  ferja som går frå Hjelmeland, me når henne med eit nødskrik.  Endre har for lengst opplyst om at han er kvalm, og fått beskjed om at han kan rulla ned vindauget. Dei driv og fiksar kring støa, og eg køyrer via Ombo- fila ombord og billettøren minner meg på dette då eg seier at eg skal til Nesvik. Ja, men nå e eg her, så... Ja, du e kje den fysste som har kjørt feil, for å sei det sånn. Eg seier til gutane at det er opplett, og at me må gå ut og få litt frisk luft, og saman går me heilt fram til ferjelemmen, Eg las noko ein stad om at desse ferjene gjekk på hydrogen og at dei har vunne designprisar. Dette siste der kan eg ikkje skjøna, men det er mange ting eg ikkje sk

Den siste viking

Bilde
På Onsdagane følgjer eg Endre på drama. Så lenge det er fint vèr brukar me sykla, eller - han syklar, medan eg står på elsparkesykkelen. Og no har eg kome borti noko på innstillingane, slik at eg ikkje køyrer fortare enn det er lov - altså 21 kilometer i timen.  Han syklar frå meg i utforbakkane, og eg tek han igjen i motbakkane. Det er ikkje langt ned til teateret frå Tjensvoll. 10 minutt berre, og no har vi vel noko som minner om indian summer , den vesle turen er fin, me brukar å tulla ein heil del òg. I går vart eg sitjande utfor teateret og venta på at han skulle verta ferdig, og eg hadde Tom Waits på øyrene, og så tok eg fram den boka eg strir med for tida. Eg lyt kanskje forklara det med at eg strir. Eg er så lett å distrahera at bøker (og filmar og musikk og tv-seriar) som ikkje grip meg frå starten av ofte vert krevjande å henga med på. På Netflixen min ligg 30 seriar eg har sett litt av, men så ikkje gidda meir.  Bøker er det annleis med. Det er ikkje ofte eg gjer opp bøker l

Jørpelove

 Det var duka for Skyggebror sin tredje spelejobb i går, i sommarteltet i Jørpelandsvågen. Det var ein dobbeltkonsert med Dag Sindre Vagle, og eg visste ikkje på førehand kva eg kunne forventa, ikkje av scene eller arrangørar eller mottaking eller publikum.  Og dei på si side visste fint lite om kva dei kunne forventa av oss og, sidan me berre har gitt ut ein song. Eg har eit ganske sterkt forhold til Jørpelandsvågen, i ungdomstida vanka me på utestaden Hermanns Hybel (seinare Ristaurante Miralmar).  Det er ikkje fint gjort å kalla staden for eit hòl, men eg finn ikkje noko meir dekkjande ord. Eg hugser fleire episke slåsskampar utanfor, mellom årdalsbuar og strandbuar. Seinare kom det ein utestad til i området, som heitte Hotellet, og der spelte me fleire gonger med mitt første band, Steamheads.  Det som sit best i minnet er likevel dei to åra me budde i Vågabakken, Rållså og eg, og ungane. At det var sinnsjukt travelt, for ungane var små. Eg minnest bleiebordet som sto midt i stova s