Jørpelove

 Det var duka for Skyggebror sin tredje spelejobb i går, i sommarteltet i Jørpelandsvågen.

Det var ein dobbeltkonsert med Dag Sindre Vagle, og eg visste ikkje på førehand kva eg kunne forventa, ikkje av scene eller arrangørar eller mottaking eller publikum. 

Og dei på si side visste fint lite om kva dei kunne forventa av oss og, sidan me berre har gitt ut ein song.

Eg har eit ganske sterkt forhold til Jørpelandsvågen, i ungdomstida vanka me på utestaden Hermanns Hybel (seinare Ristaurante Miralmar). 

Det er ikkje fint gjort å kalla staden for eit hòl, men eg finn ikkje noko meir dekkjande ord. Eg hugser fleire episke slåsskampar utanfor, mellom årdalsbuar og strandbuar. Seinare kom det ein utestad til i området, som heitte Hotellet, og der spelte me fleire gonger med mitt første band, Steamheads. 

Det som sit best i minnet er likevel dei to åra me budde i Vågabakken, Rållså og eg, og ungane. At det var sinnsjukt travelt, for ungane var små. Eg minnest bleiebordet som sto midt i stova som eit alter, dei små hovuda som stakk opp i stoveglaset, dei små hendene som vinka til meg kvar gong eg gjekk av hurtigbåten på veg heim frå jobb.

Og endelause turar med tvillingvogna i allslags vèr. Det er nokså godt dokumentert her på bloggen trur eg. Viss ikkje er det ein fare for at det hadde gått tapt.

Skyggebror er eit band av vaksne folk, og veldig dyktige musikarar, av sorten som lyttar og leiter etter kva som gagnar den enkelte songen, heller enn å berre smørja på.

Me rigga oss til og hadde lydprøve, og gjekk på Rosehagen for å eta, og etter kvart kom Dag Vagle og Morten Fiskå òg, og då Dag byrja klokka sju, var det godt med folk i teltet, kjende og ukjende.

Det var høg klasse over framføringa, og publikum lytta og ga fin respons, og då Morten kom på og dei song i lag, vart det løfta endå meir. Det er eit ordtak som heiter at ein ikkje vert profet i eigen by, men det gjeld ikkje for desse musikarane. Strandbuen veit å setja pris på kvalitet.

Det er og grunn til å skrøyta over arrangørane. Det er lurt å starta tidleg og presis, før folk får tid til å hella i seg for mykje alkohol. Dei har laga ein stad der det er ein konsertkultur som eg tidlegare ikkje har opplevd på den sida av fjorden. Og det er vel berre viseklubben i Stavanger som kan visa til noko liknande på denne sida. Bra jobba!

Me gjekk på klokka halv ni, med songen. Bensinstasjonsroser som handlar om ein som går i skårfeste på byen, og så endar han på nachspiel, og så sovnar han på nachspiel, og då han vaknar så er det morgon.

Bare ett glas til, ei øl eller to

Berre ett glas til, så beint heim til mor

Det er god trøkk i songen, og i publikum. Eg freistar å kommunisera med publikum. Det er mykje vanskeligare enn sjølve synginga, det går tåleg bra. Ikkje fanstastisk, men greit nok.

Dei seine songane er lakmustesten på det musikalske, og dei er i fleirtal. Song nummer to er Høgsommarsong, ein litt skakk kjærleikssong, og akkurat som med den første, så har publikum aldri høyrt han, for me har berre gjeve ut ein song, og den er longt ute i settet.

Den neste songen er ein Leonard Cohen- song oversatt til norsk og utgjeven av Kari Bremnes. Det er mange som kjenner melodien på den, og den er fin, tett og drivande i vår versjon, men teksten er endå betre, udødeleg - les berre:

Alle sammen vett at pesten kommer, alle sammen vett han sprer seg kjapt

Alle sammen vett den nakne mann og kvinne var et vakkert bilde som vart skapt

Alle sammen vett det e forbi, men det e montert ein målar under senga di som viser klart og greit

Det alle sammen veit.

Dei neste to sangane er seige og mørke, først Elva. Denne teksten skreiv eg til ein ven etter at han hadde mista den eine av foreldra sine. Og det hadde eg òg på dette tidspunktet. Jon Eirik har i lag med resten av bandet klart å gjera denne til ein av mine favorittar, og Morten dreg oss avgarde på vispane, Bjarte pumpar på bassen, og då Jørgen sender båten over elva med saksofonsolen på slutten, og den kappekledde ror inn i skodda mot den andre bredden, då trur ein på det, og det er ein av dei finaste sekvensane i konserten, tykkjer eg sjølv.

Og folk er fortsatt respektfulle, gjennom denne og igjennom vår oversette versjon av Oliver Hohlbrügger sin Satan, you can have me. Og no har me berre 3 sangar igjen. Her kjem singelen vår, Gardsund, som òg er farga av saksofon, og som har ein litt creepy tekst, ein norsk Murderballad.

Dette verset skreiv eg i studio medan me jobba med opptaka.

Mørke ringar i ein fjord, usynlege frå land

Ingen vett kor du blei av, bare at du fòr

Eg gløymer deg nok aldri, din sommarvarme hud gjorde djupe ting med meg

Sjølv om du sleit meg ut.

Me held fram med Svein Tang Wa sin geniale Kan kje finna fingen, før me inviterer Dag og Morten (Fiskå) opp til kveldens siste nummer, som er We all fall down som begge har spelt med Jon Eirik i The Brigade det er litt Live Aid over oss då: Åtte menner på scenen og full sving, og endeleg vart vel endingane på refrenga rette òg, no som Morten var med.

Me spela Gardsund ein gong til og takka for oss, og for ein verkeleg fin kveld. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta