Ein roadtrip til Sand



 Det er ein Laurdag i September 2021, 20 år etter World Trade Centre, 48 år etter fascist-militærkuppet i Chile, men det har ingen ting med denne historia å gjera,

Ettersommaren har vore varm og tørr, men akkurat denne dagen regner det i Ryfylke. Det ligg skodd i søkk og dalføre, og eg har akkurat litt for dårleg tid til  ferja som går frå Hjelmeland, me når henne med eit nødskrik.  Endre har for lengst opplyst om at han er kvalm, og fått beskjed om at han kan rulla ned vindauget.

Dei driv og fiksar kring støa, og eg køyrer via Ombo- fila ombord og billettøren minner meg på dette då eg seier at eg skal til Nesvik.

Ja, men nå e eg her, så...

Ja, du e kje den fysste som har kjørt feil, for å sei det sånn.

Eg seier til gutane at det er opplett, og at me må gå ut og få litt frisk luft, og saman går me heilt fram til ferjelemmen,

Eg las noko ein stad om at desse ferjene gjekk på hydrogen og at dei har vunne designprisar.

Dette siste der kan eg ikkje skjøna, men det er mange ting eg ikkje skjønar. Eg tykkjer ferja, som heiter Nesvik, ser ut som eit klumpete marinefarty, og ikkje noko som skal frakta bilar og passasjerar i indre ryfylke,

Medan me står der, gutane og eg, kjem det to ut av ein bil som smiler og seier hei og at dei tykte det såg ut som det måtte vera han Østen, og rett nok.

Eg smiler attende, og det er tante og onkel som eg ikkje har sett på ei stund, ei ganske lang stund. Eg seier at me er på Kåda med Rållså, Endre og ein ven, medan Ingrid er i selskap hjå syskenbarnet i Egersund.

Dei spør korleis det er på Kåda no, og eg seier det går fint og at det var no kjekt at nokon hadde kjøpt huset til Farmor, slik at det kunne bu folk der.

Eg seier at me skal til Suldal bad, men at berre  gutane skal bada, for eg er ikkje så baden lenger.

Dei skal på besøk til ei hytte på Jøsneset-sida, me seier hade og går og set oss i kvar sine bilar. Det er fint å snakka med dei. Det er band der,

Eg har ein slags bekymring for om korvidt det finns elbilladar på Sand. Google seier at det gjer det.

Me køyrer av ferja, og det byrjar regna igjen. Sist eg køyrde til Sand må vera fleire år sidan. Det er ikkje verdas beste veg, Me køyrer forbi gamle ferjestøa på Vindsvik, og eg fortel sonen at det var dit ferja gjekk før, og då legr han og seier i GAMLE dagar! Nei, for hekkan, det e kje SÅ lenge siå!

Men det er det jo. Eg veit ikkje kvifor eg har behov for å fortelja at det ikkje var uvanleg at ferjekøen på Vindsviksida ofte sto heilt opp i tunnelane på Vindsviksida. Eg hugsar pøsebua, far si lommebok med blå tiarar og gamle ferjebillettar og kvitteringar, og at han bruka snakka med folk han kjende i køen.

Han kjende monge, far min. I gamle dagar.

Vegen fram til Erfjord er ikkje så ille, men mellom Erfjord og Sand er han heilt forferdeleg, ein gjeitasti, smal og svingut veg mellom bratte fjell, og rasutsett, om ein skal tru det som står i avisene,

På vegen køyrer me forbi hytta som er ein attraksjon på verdsveven, som er raudmåla, og ligg på ein holme ved riksvegen opp rødsliane, og holmen er ikkje større enn at han såvidt har plass til ei hytte, ein utedass og eit lite naust. Gutane tykkjer det er heilt suverent, og det gjer i grunnen eg òg.

Det er berre èin ellbilladar på Sand, og den er oppteken då me kjem fram, så må køyrer ned i sentrum, på Coop, og utanfor er det siste innspurt i valkampen, det står mange lokalpolitikarar på stand og deler ut ballongar og kaffi. Eg fortel gutane om då eg budde på Jørpeland og heiv bollene som høgrepolitikarane delte ut til pendlerane i båset mens dei såg på.

Høgremann blir eg aldri.

Men me skal berre ha is, og me er ganske nøgde med oss sjølve, og då me kjem opp til elbilladaren, står det ein Leaf og ladar, og me må venta likevel. Då Leafen er nesten ferdig, kjem det ut ein mann frå passasjersida. Kanskje førti år, litt brisen, og røykande på ein rullings. Lodder i joggekoa. Han koplar frå, og endelig får me lada.

Eit kvarter, og me har det me treng, og så køyrer me opp til Suldal bad. Suldal bad er ei perle, som ligg i ei skråning, med utsikt mot fjorden. Bygget minner om operaen i Oslo, berre i Suldal. Me stemplar oss inn, eg set meg i kafeen, og eg har vel surfa på telefonen i kring 30 sekund då ein badevakt kjem bort til meg og seier at det er forbode med mobil, og eg seier at eg skjønar, så då må eg la telefonen liggja på bordet, og eg har ikkje bok eller briller eller avis eller datamaskin, så her sit eg og kikar på gutane som testar ut diverse sklier og stupebrett, og av og til vinkar dei mot meg, og då vinkar eg attende, og ein gong vinkar eg attende til ein som eg ikkje kjenner (som tydelegvis vinka til nokon andre, som sit bak meg).

Og då vært eg raud i kinna, men lest som ingenting.

I to timar balar gutane på i bassenga, og eg kjøper kvar si brus, og kvar sin toast med kylling til dei, og så set me oss i den såkalla bilen og køyrer sørover på smale vegar, og på vegen heim freistar me å høyra på DAB - radioen, men det går ikkje, for det er for dårlege signal. 

Eg saknar FM-bandet frå gamle dagar.

Me når akkurat ferja på Nesvik. Endre filmar mot Hjelmelandssida. Eg peikar mot Hjelmen.

Hugser du at me var der oppe for 3 veker sidan, Endre? Hjelmen ligg drapert i grå skodd og sjøen er mørkegrå. Det kjem ei regnbyge, og me spring og set oss i bilen.

Det er rart, tenkjer eg. Å køyra til Sand for å oppleva arkitektur og fritidstilbod. Eg anbefalar det, på det varmaste.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta