Forvirra
Eg vaks opp med tre søsken. Ein 'ulvaflokk', som far bruka kalla oss. Når det var kaker, is eller anna godt, laut ein stå på for å sikra seg sin del. Ein gong hadde mor baka boller. Boller med krem. Eg kan vel ha vore kring elleve år gamal, og for ein gongs skuld fekk eg ete så mykje som eg ville. Eg åt fem, og ana ikkje uråd før etterpå. Kremen var sur. Det er heilt sikkert ikkje helseskadeleg å ete sur krem. Men det er ikkje så moralsk forsvarleg å lure nokon til å ete han heller. Nokre gonger kan eg ikkje anna enn å undrast på kva folk gjorde før datomerkinga kom. E det gammalt vatn, pappa? - kan dottera mi spørja, og då veit eg ikkje kva eg skal svara. Blir vatn dårleg hvis det står i ei mugge over natta? Dårlegare enn om det står i ein røyr? Og er det eigentleg eldre? Kva er nytt vatn? Og gamalt vatn? Når vert det født? Er det på våren eller hausten? Eg veit ikkje. Eg er så forvirra. Eg ser at det er 'best før'-merking på flaskene med kjøpevatn