Forvirra

Eg vaks opp med tre søsken.

Ein 'ulvaflokk', som far bruka kalla oss.

Når det var kaker, is eller anna godt, laut ein stå på for å sikra seg sin del.

Ein gong hadde mor baka boller. Boller med krem. Eg kan vel ha vore kring elleve år gamal, og for ein gongs skuld fekk eg ete så mykje som eg ville.

Eg åt fem, og ana ikkje uråd før etterpå. Kremen var sur.

Det er heilt sikkert ikkje helseskadeleg å ete sur krem. Men det er ikkje så moralsk forsvarleg å lure nokon til å ete han heller.

Nokre gonger kan eg ikkje anna enn å undrast på kva folk gjorde før datomerkinga kom.

E det gammalt vatn, pappa? - kan dottera mi spørja, og då veit eg ikkje kva eg skal svara.

Blir vatn dårleg hvis det står i ei mugge over natta? Dårlegare enn om det står i ein røyr? Og er det eigentleg eldre?

Kva er nytt vatn? Og gamalt vatn? Når vert det født? Er det på våren eller hausten? Eg veit ikkje. Eg er så forvirra.

Eg ser at det er 'best før'-merking på flaskene med kjøpevatn. Men samstundes har eg registrert at enkelte 'merkje' av vatn reklamerer med at det kjem frå 'den eldgamle kilden under breen'.

Datomerkinga vart visstnok oppretta for å trygga forbrukaren mot å kjøpa bederva mat. Mjølk ( og fløyte ) vert sur når ho står for lenge. Den er grei. Men egg? Egg er det visst ikkje vits i å bry seg om merkinga på. Dei varer i vinter og vår.

Sure kyllingfiletar luktar så fælt at det var ingen som ville ete dei uansett. Eller noko anna heller, rett etter at ein vart utsett for odøren.

Men storfekjøt skal mørne. Altså hengje for å bli eldre, og dermed mørare, og då smakar det betre òg.

Mykje av datomekinga er altså berre bull. Men ikkje for Kiwi-Bob.

Det einaste som er sikkert er at alt var betre - nei - best før

Kommentarer

paaskeharen sa…
Og hvordan får man av den der kursiv-greia?
Bergljot sa…
Oppdaget du ikke at kremen var sur før etter fem boller? Da må den ha vært innenfor rimelighetens grenser.
en av fordelene med å ha nedsatt luktesans er jo nettopp dette da. Jeg kan spise ting som er LANGT forbi best-før. Men det er jo også en av ulempene for det er ikke alltid magen er enig.
MM sa…
"Best før", ikke "dårlig etter".
Hustvedts sa…
Hurra for nynorsken! Den har i allefall ikke gått ut på dato :-)

Svigermor (som er nesten åtti og har overlevd Krigen) snakker stadig om disse som tror det er dødsdatoen deres som er stempla på matvareembalasjen. Noen er jo hysteriske. Men som du sier; vi merker jo på lukta når kyllingen er dårlig (og det er gjerne FØR datoen!!!). Men den sure melka, fløten, rømmen osv funker fint i vaffelrøra eller brødet.

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta