Hurra for Rogaland Teater! (Me jule deg opp!)
Det er advent. Jula er tradisjonstung for monge av oss. Forventningar, familie. Snart nytt år. Trass i at koronaen herjar ute og inne, så er folk på leit etter den såkalla julestemninga. Monge artistar reiser på juleturnè eller held konsertar med julete innhald. Vener og medmusikantar held ein konsertserie som dei har kalla Christmas for Cowboys . Det er veldig populært, med god og lun stemnning, bra musikk, og fine folk. Ellers finst eit virvar å velja i - Kurt Nilsen, Kurt Pilsen, Swing thing ringadindingding og så bortetter. Min son Endre går på barneteater inne på teateret sjølvaste, og dette året vart teatergruppa hans hanka inn for å vera med på eit julekonsertkonsept i St. Johannes kyrkje i Stavanger. Eg skal vera ærleg og seie at det at sonen skulle vera med var den einaste grunnen til at me hadde kjøpt billettar, og eg hadde på ingen måte sett meg inn i det øvrige programmet. Eg køyrde sonen ned til prøvane på ettermiddagen, desembermørkret hadde byrja leggja seg. Eg had...