Via Con Dios

 


Eg sa opp viaplay for eit par dagar sidan, og orsaka var at Liverpool rauk ut av Champions League sist veke, så då gidd eg ikkje betala 350 kroner i månaden for halv - og heil - gamle seriar og formel 1.

Då Liverpool ville bryta ut av ligasystemet for å vera med på å danne ein såkalla superliga, så vurderte eg å seia opp Sumo- abonnementet mitt òg. Det er mest 700 kroner. Så til saman, altså kring 1000 i månaden.

Det er mykje som kunne vore sagt om superligaen, som vart knust av FA, UEFA og supporterar og Gary Neville, men det meste er vel sagt av smartare og meir veltalande folk enn meg. Det eg KAN seie er at av alle dødssyndene er griskheit den som for meg framstår mest motbydeleg.

Men Viaplay - det ligg ikkje BERRE rask der - det ligg òg ei og anna perle, og mellom dei er Twin Peaks, som eg har sett èin gong på DVD sidan han kom ut.

Men no har eg sett den første 1 1/2 sesongen. Fram til alt vert berre rot og tull kring episode 9 i andre sesong

I 1990 var fjernsyn framleis fjernsyn, og NRK hadde ein kanal, og det var den me såg på. Og Twin Peaks gjekk på Fredagane, og mangelen på val gjorde at ALLE såg det, alle som var gamle nok, og hadde mage til å sjå når BOB kom krypande mot oss. Bob er like jævla skummel i 2021.

Persongalleriet er ellers herlig brokut, og det er ei stemning i dei første 18 episodane som er vanskeleg å toppa, mykje på grunn av musikken.

Eg hugsar ganske godt ein scene der to av dei minst skeive karakterane - Donna (som var bestevennine med Laura Palmer) og James (den tvers igjennom hjartegode og vakre motorsyklisten(og ex- kjærasten til Laura Palmer, men som no har vorte kjærasten til Donna). 

Ja, dei står ved eit vatn inni skogen, med  Harley Davidsonen til James i bakgrunnen, og dei lidande, vakre ungdommane står og held rundt kvarandre, og så seier James at han treng tid for seg sjølv og det er UTRULEG trist, og eg sit i ei ståve på Jørpeland saman med min dåverande kjerast og nokre vener av henne og Magnar, og når James seier dette, så LER Magnar høgt, og då må eg og le, og særleg jentene i stova var sjokkerte over at det gjekk an å være så kald. Og eg må le no òg, mens eg tenkjer på det.

Og eg blogga om Twin Peaks då eg såg serien på DVD med Rållså i 2016 òg, det er berre å søkje i søkjefeltet øverst, og kanskje er det sånn som ein kan frykte at ein berre fortel den same historia omigjen. Medan dørene langsamt stengjer seg og toget sig ut frå stasjonen.

Biletet har eg lånt frå google.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta