Skyggebror



For noko som må ha vore 12-13 år sidan, fekk eg ein førespurnad om å vera med på eit kulturarrangement på Hjelmeland samfunnshus.

Det var den gongen då det hadde gått eit ras i Tysdalsstranda, så vegen var stengd, men det gjekk ferje frå Tau til Hjelmeland.

Det var nokså fritt, dette oppdraget, så eg laga eit slags kåseri med songinnslag, Jan Egil var partner in crime, og eg oversette ein tekst eg hadde skrive på engelsk, og slik vart dei første frøa til Skyggebror sådd.

Det var nokså spesielt å reise med ferje fram og attende mellom Tau og Hjelmeland, og eg trur far køyrde og henta oss på kaien, og at han lo av at eg dissa den arkitektoniske perla som Hjelmeland samfunnshus aldri har vore. Og det var litt slik Heimkomen son - kjensle. Og relativt sett så kan ein vel seia at innslaget var ein suksess. Utan å brese for mykje. Det var ikkje det verste tilhøyrarane hadde høyrt. Og alt i alt var det ei positiv oppleving.

Eg såg ein gong på eit naturprogram frå ein eller annan ørken, der alt låg aude, og dødt i mange månader, men at etter regntida (som varte nokre få veker, så var det som om alt vakna til liv, og på eit viss skunda seg med å boltra seg. Kaktusane blømde, og det var fiskar som hoppa i pyttane.

Prosjektet til Jan Egil og meg gjekk i gløymeboka, me hadde andre prioriteringar, andre musikkprosjekt - familieprosjekt, kvardagar, feriar, bryllaup, gravferder, livet. 

Eg er litt usikker på rekkefølgja, men Jon Egil tok fram nokre av tekstane eg hadde skrive, snakka med Bjørn Erik som speler gitar og driv studio på Bryne, snakka med Hans og Morten på bass og trommer, og så sat me og knota, meg og han, og han la skisser til songar. Og etter 3 helger i studio på Bryne har me 3 3/4 songar innspelte, og det vert så fint!

Det er sjølvsagt på grunn av kvaliteten til musikarane og komponisten som gjer at det vert fint. Og tekstane går frå fest og basar og å vera jublande oppstemte, til død, kjærleik og djup fortviling.

Først heitte me Sekt, der tanken var at ordet var dobbelt og tydde både lukka relgiøs forsamling og sprudlevin. Og så var eg ikkje heilt nøgd med det, og ville me skulle kalla oss Gardsund etter det djupe fjordstykket mellom Ombo og Randøy, men det ville ikkje Jan Egil, og sidan han ikkje var viljug til å dra krokfing om det, så landa me på kompromisset Skyggebror, som eg eigentleg synes er for melodramatisk.

Eg freista å vinna sympatisørar i min næraste omgangskrets for Gardsund, og kånå støtta meg, men då eg la det fram for brørne i Long Night, så tykte dei (og særleg Timmy) at Skyggebror var eit strålande namn. Og det var jo ikkje det han skulle seia! Han skulle jo vera einig med meg!

Men nokon gonger kan bandnavn voksa på ein, berre ein venjer seg til tanken. Så veks det saman med musikken og teksten, og så gløymer ein kan hende kva ein tykte i byrjinga. Dei fleste bandnavn er uansett ikkje så bra. Eg skal blogga om det seinare. Kan hende me må ta oss scenenamn i staden, Alladin Zane eller Ola Uteligger. Eller noko.

Me fekk ein premier leauge-fotograf til å ta bilete av oss (berre Jon Egil og eg, for det hasta litt).  Og dei bileta likte me utruleg godt.

Det er noko heilt anna å gjera ting på norsk, teksten kjem nærare det er Dette har eg drøymt om i 15 år. Og no skjer det.

Eg gler meg til me skal spela for folk, kanskje allereie første helga i Juli. Og uansett er det video på gong, og songar som skal sleppast digitalt utover forsommaren.

Og me håpar at folk vil sjå og høyra oss spela, og at dei kan hende vil syns at det ikkje er det verste dei har høyrt.

(Fotocredits, Einar Sira)

Kommentarer

Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta