kremming
Det finst mang slags folk, og éin skilnad ein ser tydeleg, er evna til å tena pengar på kjøp og sal: Å selja dyrt og kjøpa billeg. Eg er meir av typen som kjøper dyrt og gjev vekk. Men samanlikna med dei som deltek i Luksusfellen , greier eg meg bra . Så det finst verre enn meg. Torgseljar på fast basis kunne eg nok aldri ha vore. Det krev eigenskapar eg ikkje har: Pågangsmot, evna til å framsnakka produkt av god og mindre god kvalitet på ein tillitsvekkjande måte, og til å henta ut profitt og gleda seg over ein god handel. Eg har prøvd. Eg har sett juletreseljarar skamlaust promotera tre som kanskje ikkje var så fine. Eller nyhogde. Skeive og pjuskete tre bydde fram som snorbeine og flaskegrøne. Det hende at eg raudna usynleg i desemberkvelden. Det var 1998. Eg gjekk på timeløn. Eg fortente ikkje løna mi. Det var det derimot andre som gjorde. Heldigvis eller diverre. Men det er ei fin stemning der oppe på torget på Hillevåg før jul. Og alle trea er frå