Me som bygde landet
Ein klok mann eg kjenner sa ein gong: Ungar er fremskrittspartistar når dei vert fødde, og det er vår jobb som foreldre å oppdra dei til å verta gode sosialdemokratar. Det er godt sagt. Det var Arnstein som sa det. Mange sosialdemokratar vert forøvrig fremskrittspartistar når dei vert gamle igjen, tenkjer eg. Berre ein obsevasjon, Mi erfaring er at vi vert testa på korleis det står til med moralen vår kvar dag, om vi gir plass til andre på bussen, eller juksar på skatten, snik i køen, karrar til oss litt meir enn det som eigentleg høyrer oss til. Brukar olbogar for å koma oss fram på bekostning av andre. I ein episode av Norsken, Svensken og Dansken i vår refererte programleiar Hilde Sandvik til ei undersøkjing der foreldre i ulike land vart spurt om ulike sider ved barneoppdraging. Det eine spørsmålet var omtrent slik som dette: Kor viktig er det for deg å oppdra dine born til å ta hensyn til andre? Berre 22 prosent av dei norske foreldra som var med svarte at det var viktig for dei