Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2023

Ruth Asawa i kunstmuseet. Det er monge ting eg ikkje veit

Bilde
Stavanger kunstmuseum ved Mosvatnet - der var eg mykje då ungane var babyar. Eg trilla tvillingvogna eit par rundar eller berre ein, mens eg røykte som ein skorstein, og så bruka me å ha pitstop og middag på Kunstmuseet. Fiska dei ut av dunpåsane, og setja dei i kvar sin babystol. Varma middagsglasa i mikroen. Vaffel eller is til dessert. Byta bleiene på stellerommet, tørka snåtten. Gjekk i ring. Rundt meg sjølv. Ut på hjul igjen. Eg minnest ikkje om me mata endene. Eller korleis eg kommuniserte med dei. Antakeleg med små, tåpelege songar. Det gjer eg forsåvidt enno. Sjølve museet, ja. Det er jo eit nydeleg bygg, med ein glaskuppel, som ligg på ein nydeleg plass, og her ein laurdag hadde Rållså lese noko om ei utstilling som var så bra, og som det nærma seg siste sjans før ho fôr vidare, eller kva slike utstillingar gjer. Vert pakka i kassar av tre med denne side opp og handle with care, og kanskje fullt av vatt og isopor og avispapir. Kva veit vel eg? Det er monge ting eg ikkje veit.

Vegen

Bilde
Eg las akkurat ut Cormac McCarthy si The Road for andre gong. Første gong eg las henne var for kring 10 år sidan, då eg pendla frå Jørpeland til Stavanger med snøggbåt. Det var god pendling, det der, med båten, men med bussen var det håplaust, for nummer ein, som eg skulle ta, gjekk to minutt før eg rakk opp i Klubbgata, og ein gong SPRANG eg endåtil for å nå han, berre for å sjå baklysa forsvinne på litt nærare hald. Så vart det å gå opp til busstasjonen saman med dei andre smalaugde, for å ta nummer 2 eller 3, og forbanna Kolumbus og rutetilbudet deira og logikken i å lata bussen gå TO MINUTT FØR ei heil båtlast med Jørpelandspendlarar greidde å komma seg opp. Eg trur endåtil at eg sende ein mail til Kolumbus. Som ikkje vart besvart. Bussturen til Hillevåg er uansett for kort til å lesa Cormac McCarthy på. Men båtpendlinga - når ein hadde lært seg kor stillesona var - var perfekt til lesing. Boka er paperback, og har alllereie flytta 2 gonger, og fått denne lukta som gamle bøker gje

Stavanger by (så stolt og kry)

Bilde
  Før jul var eg i Maskinhallen på Tou scene og såg Mongoland på storskjerm. Det var meininga me skulle gå med familien, men visninga var ganske seint på kvelden, og underteikna hadde ikkje kontroll på ungane sine fritidsaktiviteter, så det vart til at eg gjekk saman med flanellskjortemannen, Lingling og Kjersti. Og Rållså tok ansvar for familien. Mongoland er jo ein slags julefilm, eg hugsar godt då han kom på kino. Fin, skakk og full av rørande historier og gode skodespelarprestasjonar. Eg hugsar at han gjorde noko med oss, at han hjelpte oss å sjå byen og folka som bur her. Med kjærleik. At me kjende oss igjen i humoren, og at det var så fint. Mykje å humre av og noko forsiktig og rørande. Og dette med at karakterane har ting dei slit litt med å finna ut av Mongoland bidrog til å gje oss ein identitet og eit felles referansegrunnlag. For første gong kjende eg meg som ein slags siddis. Eg, som først og fremst er Randøybu, og som i meg har drege på ein slags motvilje mot - i alle høv

Rituals

Bilde
Først vil eg seie: Godt nyttår til dei som les bloggen her.  2022 vart eit nytt år på det jevne, for sjølv om pandemien tok slutt, så fekk me auka straumprisar og matvareprisar og byggjevareprisar og renter og alle dei pilene peiker vel stort sett oppover enno, og ikkje minst fekk me Russland sin invasjon av Ukraina og White. For å nemne fleire minusar. Me er heldige me som eig våre eigne bustader og greier å betjene gjelda, og har jobbar. For det er visst ikkje sjølvsagte ting lenger. På privaten var ikkje 2022 eit dårleg år. Eg er framleis gift, har framleis 2 ungar (som rett nok har vorte tenåringar), eg syng framleis i to band, skriv bloggpostar frå tid til anna. Har jobb, vener og ein elbil som går 300 meter før han må ladast på vinterføre, og marginalt lenger på sommarføre. I 2022 hadde eg gode kulturopplevingar, i konsertlokale og på teater. Eg las nokre gode bøker, oppdaga nokre podcastar og plater.  Rållså og eg kjøpte platespelar til oss sjølve til jul, og den måtte Rållså mo