Rituals





Først vil eg seie: Godt nyttår til dei som les bloggen her. 

2022 vart eit nytt år på det jevne, for sjølv om pandemien tok slutt, så fekk me auka straumprisar og matvareprisar og byggjevareprisar og renter og alle dei pilene peiker vel stort sett oppover enno, og ikkje minst fekk me Russland sin invasjon av Ukraina og White. For å nemne fleire minusar.

Me er heldige me som eig våre eigne bustader og greier å betjene gjelda, og har jobbar. For det er visst ikkje sjølvsagte ting lenger.

På privaten var ikkje 2022 eit dårleg år. Eg er framleis gift, har framleis 2 ungar (som rett nok har vorte tenåringar), eg syng framleis i to band, skriv bloggpostar frå tid til anna. Har jobb, vener og ein elbil som går 300 meter før han må ladast på vinterføre, og marginalt lenger på sommarføre.

I 2022 hadde eg gode kulturopplevingar, i konsertlokale og på teater. Eg las nokre gode bøker, oppdaga nokre podcastar og plater. 

Rållså og eg kjøpte platespelar til oss sjølve til jul, og den måtte Rållså montera, for eg kjende fortviling gå over i raseri etter atten og eit halvt minutt i monteringshelvete.

Platespelar vil eg anbefala alle som lengtar etter ro, eller tykkjer at spotify vert for svært og uoversiktleg, eller for alle som treng pause frå skjermar i alle størrelsar.

Eg byrja å kjøpa LP-plater i sommar, melde meg inn i kjøpeogselgje-grupper på internett, Tom Waits, Bruce Springsteen, AC/DC, Leonard Cohen, Tom Waits. 

Å betala på vipps, og gå og venta, å få melding på telefonen, og gå opp på Bunnprisen på Tjensvoll og få ei flat pappøskje i hendene, for å pakka henne ut då eg kom heim. Det styrte eg med i haust, og har halde fram med det i vinter.

Og det å endeleg kunne høyra musikk på denne måten. Finna fram plata, opna kabinettet, ta vinylen ut av omslaget og leggja henne på spelaren, starta tallerken, og leggja stiften på på den ytterste rilla, og DÅ høyra musikken komma ut av høgtalarane, eg veit ikkje kvifor det virker så sterkt på meg.

Om det er fordi det var denne måten det var meint at me skulle høyra på musikk. Om det fordi eg alltid høyrer minst ei side om gongen, og eg lyttar medan stiften jobbar seg inn mot midten.

Om det er ritualet eller lyden. Om det er slektskapen til boka eller denne lengten mot det fysiske formatet, mot det omstendelege. 

Mot det undrande, ettertenksame. Det veit eg ikkje. Og det er i grunnen ikkje så viktig.

Men det er godt å vera der. Det er faktisk endå betre enn eg hadde sett for meg.

Kommentarer

rolf sa…
Gleda over den analoge musikkgjengivelsen minna litt om:

LJÅEN

Eg er så gamal
eg held meg til ljå.
Stilt syng han i graset,
og tankane kan gå.
Det gjer ikkje vondt heller,
segjer graset, å falla for ljå.

Olav H.

Åpninga kan forsvares med at du har bikka femti', og jeg tror nok at Tom Waits også vil foretrekke å bli spilt "på den gamle måten". Og blogen viser jo at du evner "å la tankane gå"
paaskeharen sa…

Ljå er eit fantastisk redskap! Eg kan ikkje slå skikkeleg sjøl, men det er kunst.
Ein slags. Takk for kommentar!

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta