Stavanger by (så stolt og kry)

 


Før jul var eg i Maskinhallen på Tou scene og såg Mongoland på storskjerm. Det var meininga me skulle gå med familien, men visninga var ganske seint på kvelden, og underteikna hadde ikkje kontroll på ungane sine fritidsaktiviteter, så det vart til at eg gjekk saman med flanellskjortemannen, Lingling og Kjersti. Og Rållså tok ansvar for familien.

Mongoland er jo ein slags julefilm, eg hugsar godt då han kom på kino. Fin, skakk og full av rørande historier og gode skodespelarprestasjonar. Eg hugsar at han gjorde noko med oss, at han hjelpte oss å sjå byen og folka som bur her. Med kjærleik.

At me kjende oss igjen i humoren, og at det var så fint. Mykje å humre av og noko forsiktig og rørande.

Og dette med at karakterane har ting dei slit litt med å finna ut av

Mongoland bidrog til å gje oss ein identitet og eit felles referansegrunnlag. For første gong kjende eg meg som ein slags siddis. Eg, som først og fremst er Randøybu, og som i meg har drege på ein slags motvilje mot - i alle høve delar - av det Stavangerske.

Stolt er eit ord eg aldri brukar. Men Mongoland. Mongoland, altså! For ei perle av ein film!

Då me såg han på ny, tjue år etter, i maskinhallen, som var rigga med bord og lenestolar framfor storskjermen, og det var øl og varm og fin stemning, og me var alle i godt humør.

Og då filmen starta var det heilt utruleg kor unge skodespelarane var. Tretten fjorten år, maks. Og kor har alle åra vorte av. Og musikken, som òg er lokal, som lyfter og rister og dreg desse fine folka avgarde. John Erik Kaada og Cloroform bidreg i aller høgaste grad til det herlege småskeive drivet i filmen.

Det var mykje eg ikkje huska frå filmen, som eg sist såg for lenge sida. Eg blei ekstremt glad i den naive engelskmannen igjen.

Eg kunne godt tenkt meg ein Mongoland to, men skjønar godt at han vart lagt på is etter at Vegar Hoel døydde i fjor.

Eigentleg skulle eg skriva noko om den nye NRK-serien 'for Evy og alltid', som rett nok er frå Sandnes, men som er heilt ny, og som òg er laga av Østin Ommunsen og Salomonsen, og som er fin, og som inneheld monge av dei same kvalitetane som moderskipet, og som dessutan har eit nikk til sjølvaste Pulp Fiction.

Trur eg.

ps: Ikkje sei at du ikkje vert flau når vikinghordene syng Stavanger by, så stolt og kry.




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta