Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2021

# Hjul

  Det er den tida på året der dekkskifte står på ei slags indre liste, og av og til gjer me det slik og andre gongar sånn. Då me kjøpte trekkoppbilen i 2017, vart me spurt om me ville ha dekkhotell, og det høyrtes jo forlokkande ut, men då eg fann ut at det kosta 992 kroner per SESONG, flytta eg dekka ut av hotellet og inn på noko som ikkje kan kallas noko anna enn eit hospits i hagebua på Tjensvoll. Ein gong har eg lagt om sjøl, og det går jo greit det, ute på vegen, men det kjem med banning og feilvurderingar og ukurant verkty. I dag gjekk eg inst i bua, etter å ha måtte flytta på to par ski, tre vedsekkar, ein plenklyppar, og eit hyllesystem, og der fann eg dekka våre, og så heiv eg dei inn baki bilen og køyrde ut, på leiting etter ein egna verkstad. I Hillevåg ligg det fleire bedrifter som driv med dekk, og eg fann ein stad litt unna hovudvegen, med ein stor og litt skakk parkeringsplass utanfor. Eg parkerte langsmed ein taxi. Ein rulleport sto open, og oppå ein stabel med dekk st