Byasar og Lannasar, versjon 2.0
Rogalendingen har ikkje noko godt rykte på seg sørover; i alle høve ikkje folk frå Stavanger. Med lommane fulle av oljepengar vert dei skulda for at dei lèt Sørlandet flyta over med arroganse, dårleg smak, brautande stil, dyre bilar og tilhøyrande hasardiøs køyring. Pissemaur og Rogalandsbilistar er kallenamn som vert brukte. Det vert òg påstått at fyllearresten på danskebåten vert kalla Rogalandssuiten , utan at eg har fått dette bekrefta av meir enn ein Colorline-tilsett. I Ryfylke – der eg kjem frå – kallar vi dei byfolk, eller "byasar". Dei har gjerne kjøpt seg hytter av det meir prangande slaget; Audiane og BMW’ane deira er eigentleg for breie for vegane der inne, og dei som køyrer dei, har ofte ikkje den nødvendige fingerspitzgefühl som ein treng for å ferdast på dei smale vegane. Allslags sensorar og ryggekamera kan aldri erstatte ferdigheiter som ein berre kan tileigne seg ved hjelp av erfaring eller medfødd talent. Den første Haren eg skreiv for 11 år si