Muammedanisme og hårmotar
Eg tykkjer ikkje at finlandshetter burde brukas i det offentlege rom. Det er noko med det at ein ikkje kan sjå andletet til den som har finlandshetta på. Det er ellers rart det der med hår og hovudplagg og kva som er greit og ikkje. I millitæret var det forbode å ha noko på hovudet inne, og likeeins å ikkje ha noko på hovudet ute, men i millitæret er det jo så mange tullereglar. I millitæret måtte alle ha like luer òg, akkurat som i Napoleon med sin hær. Men ser ein på historia til det sivile, så er ikkje den så mykje betre. Etter krigen vart jenter som var mistenkte for å ha hatt fysisk kontakt med (eller pult med) tyske soldatar skamklypte av store mobbar av vaksne menn. Eg har sett bilete. Det ser ikkje bra ut. Kva er det med dette håret? Då eg vaks opp var det ugreit å ha lue eller caps på seg ved bordet. Då eg hadde langt hår på 80 og 90 - talet var det mange som hadde - til dels sterke - meiningar om dette - særleg godt vaksne menn - som hadde ei forestilling om korlei