Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2024

Kva las du no

 Eg har alltid vore eit lesande menneske. Heilt sidan eg knekte koden for korleis ein skulle tyda desse merkelege krusedullane, setja dei saman til ord som ga meir eller mindre meining, som trigga draumar og skapte ein stor, åpen himmel over tilværet, tok meg med på reise, til Andeby via Donald Duck & co, til sydhavsøyar og asiatiske steppelandskap med Tsarens Kurèr, med Mark Teain til Amerikanske småbyar langs breidda av Missisippi, uendeleg longt vekk frå guterommet oppunder taket på Randøy. Det er ikkje for alle det der med lesing, men dei aller fleste likar historier, eller å verta lesne for. Eg får bilete i hovudet frå då norsklæraren på ungdomsskulen, som hadde verdas mest utakksame jobb - plukka fram ei bok - eg trur det var Hells Angel - sjølvbiografien til Sonny Badger. Dei gutane - som i kvar time, kvart sekund demonstrerte si forakt for det norske skulevesenet generelt, og Hjelmeland ungdomsskule spesielt - dei haldt kjeft og følgde spent med etterkvart som om forteljing