Venterommet



På Onsdagane brukar eg å gå bort til Mariero på ettermiddagen, for å huka opp med Endre, og følgja han ned til byen, til drama på teateret.

Dei første vekene gjekk me på pizzabakaren foodcourt og åt først, men sidan det renn pengar ut av hendene mine om dagen, så er det ikkje noko me har råd til kvar veke.

I dag hadde eg med meg noko niste, og eg såg han på avstand, og han såg meg òg, for han vinka, og eg vinka tilbake, glad for at dette vesle mennesket er i livet mitt.

Eg e gla i deg, Endre

Eg e gla i deg og, pappa

Kvar dag seier me det. Og meiner det.

Du e ein knog, men eg e glad i deg

Så tek me bussen saman, Endre passar på at eg tek på meg beltet, og spør om eg har betalt. Han er nøye på at me held oss innanfor strekane. Det er fint det. Mykje betre enn det motsette.

Me går av byen i jernbanevegen og kranglar om kva som er kortaste vegen rundt Breiavatnet til Sølvberget. Me går på venstre side, forbi Atlantic og på vegen seier me hei til Alvis som har vorte førsteklassing på sjølvaste Kongsgård. Ho smiler og svarar hei!, og det ser ut som ho er glad.

Eg fryse, og e litt sulten. Seier Endre.

Me kjem fram til kulturhuset, set oss utanfor biblioteket i andre etasje og et nista vår. Melka er litt lunka, men er iallefall ikkje Q-melk, som sonen seier.

Så går me inn i biblioteket for å finna lesestoff til Endre som ikkje har lånekortet sitt med seg, og det har ikkje eg heller, men me bestemmer oss ganske fort for ei bok av David Walliams, som er ein slags favoritt, som skriv på ein Roald Dahl - aktig, forfriskande måte, og som dessuten er smikkløyen i Little Britain, for dei som kjenner den serien.

Me får eit lånenummer av ei hyggjeleg ungjente med grønt band om halsen, og ruslar bort til teateret.

Den drøye timen han er der inne, brukar eg å setja meg på venterommet på togstasjonen. I dag er det kaldt, for skyvedørene går heile tida opp og igjen, slik at den kalde Desembervinden trekk igjennom heile bygningen.

Slike trafikk-knutepunkt har ein tendens til å trekkja til seg folk som ikkje er heilt firkanta, og som eg kan betrakta i augnekroken medan hovudtelefonane held hovudet mitt oppteke med ein eller annan podcast eller ei plate.

Eg likar jernbanestasjonar, ankomsthallar med Narvesenkioskar, folk som reiser og folk som kjem heim. Lokaltog til Eigersund og langdistanse til Kristiansand og Oslo.

Eg gjordet det slutt med ein ex på ein jernbanestasjon ein gong, i eit anna liv, me gret beggje to. Eg hadde eit engelsk musikkmagasin å lesa på i røykjekupeen, det handla om Keith Moon og The Who. Eg var ein nokså miserabel hovudperson i ein C - film om mitt liv.

Eg ser ingen gjensyn eller avskjedar denne Onsdagen. Ho som var her for nokre veker siden og sat og snakka med seg sjølv - rasande på eitt eller anna - er ikkje å sjå.

Heller ikkje han som lekte katt og mus med securitasen for ei veke sida. Han var rastlaus. Sat ei stund - rek vidare - sette seg ned ein annan stad - dreiv vidare på ny. Ubestemmeleg alder, litt tynn jakke. Sat ei stund ovanfor meg. Eg lest som eg ikkje såg han.

Eg ser vel ut som  ein løgnas sjøl.

Det er same securitasen som sist beveger seg over flisene på golvet, ein kar kring 40. Ikkje den stramaste, med øvste knappen i uniformsskjorta open, og eit litt mistenkasamt glimt i augo.

Han kjenner nok meg igjen òg. Kan hende han trur at eg sel narko, eller er pervers av noko slag.

Eg sit me datamaskinen og skriv. Lausrivne bolkar utan liv eller rytme, ikkje her og ikkje der er eg, men ein stad imellom. 

Eg har gløymt brillene, så eg myser mot skjermen som ligg over knea mine. Gjer opp og stappar han opp i sekken.

Eg går ut i kvelden. Det mørknar, det lukter røyk frå byens eldstader. Ein gamal ven.

Endre kjem ut frå teaterhallen med dei andre. Han er glad. Eg gjer han ein tyggis og tek ein sjøl òg, før han tek handa mi, og me småspring t il 4- bussen som allereie står og ventar.

Me stig på og spenner oss fast.

Du har vel betalt, pappa? Seier han medan bussen ruller opp mot Lagårdsveien.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta