Hurra for Rogaland Teater! (Me jule deg opp!)



 

Det er advent.

Jula er tradisjonstung for monge av oss. Forventningar, familie. Snart nytt år.

Trass i at koronaen herjar ute og inne, så er folk på leit etter den såkalla julestemninga.

Monge artistar reiser på juleturnè eller held konsertar med julete innhald. Vener og medmusikantar held ein konsertserie som dei har kalla Christmas for Cowboys. Det er veldig populært, med god og lun stemnning, bra musikk, og fine folk.

Ellers finst eit virvar å velja i - Kurt Nilsen, Kurt Pilsen, Swing thing ringadindingding og så bortetter.

Min son Endre går på barneteater inne på teateret sjølvaste, og dette året vart teatergruppa hans hanka inn for å vera med på eit julekonsertkonsept i St. Johannes kyrkje i Stavanger. Eg skal vera ærleg og seie at det at sonen skulle vera med var den einaste grunnen til at me hadde kjøpt billettar, og eg hadde på ingen måte sett meg inn i det øvrige programmet.

Eg køyrde sonen ned til prøvane på ettermiddagen, desembermørkret hadde byrja leggja seg. Eg hadde lasta inn på GPSen, som sende oss på ein overraskande logisk køyretur til Johanneskjerkå, som ho heiter på folkemunne. Det er berre å køyra Sandsgata, så ligg ho der - heilt i enden, med utsikt mot bybrua og Stavanger aust. Kyrkja i seg sjølv er grå og stusseleg å sjå til utvendig, og passar sånn sett greit til området ikring.

Eg parkerte bilen, me strappa på oss kvart vårt munnbind, Endre var under middels motivert for oppgåva, men då eg følgde han inn, manna han seg opp (hvis det er lov å seia) og me gjekk inn dobbeltdørene, inn i kyrkja der førebuingane var godt i gong. 

Det var fleire ungar der, i kvite klede, med lyseblå munnbind. Og så kom det ei dame som forklarte at dei var litt forsinka med prøvane, og at ungane bare kunne koma inn og setja seg og venta på tur.

Eg gjekk ut og kom inn igjen etter eit kvarter, og då sat Endre der åleine på ein kyrkjebenk, og eg sette meg på sida av han.

- Hei Pappa!

- Hei, Endre!

Han haldt eit fake kvitt lys med brytar på i handa. Det var hektisk førebuingsstemning i kyrkjerommet, eg fekk ståpels. Lydfolk og riggarar med svarte t-skjorter og rufsete hår, miksepult og ledningar, mikrofonar, musikarane i diskusjon over korleis introen skulle gå. Elektrisk stemning.

Og så var det med eitt ungane sin tur. 10- 12 stykk av dei, som stilte seg opp i (er det våpenhuset det heiter?) og dei kom gåande på rekkje gjennom salen, fram mot scenen mens dei song. Santa Lucia og heldt lysa framfor seg. Så vart dei ståande på scenekanten, medan dei drog 4 songar til, og bandet kompa, og så var dei ferdige og me køyrte heim til tjensvoll.

Me var attende klokka sju,  og då var det heilt mørkt, og etter å ha sluppe Rållså og Endre av utanfor kyrkja, køyrde eg verdas mest kronglute veg mot sentrum for å plukka opp Ingrid.

Me ankom sideinngangen, tok på munnbind, og vart henvist plassar frå ei hyggjeleg dame, nokså longt bak, men med ei plastremse som var ein meter lang og det var stemning i rommet. Forventning, endåtil.

Eg tykkjer jo ikkje Me jule deg opp er det beste namnet på ei forestilling, men eg har fått eit program i handa, og no byrjar det, forestillinga vert introdusert, og husbandet spelar Byen Vågner av Savage Rose/Thomas Koppel. Det lyd vakkert. Ettertenksamt.

Og så kjem ungane, bakfrå, som på øvinga og bandet byrjar på Santa Lucia i eit heilt anna tempo enn ungane syng i, og det vert nokså komisk, men fint, og på sisteverset er dei sånn nokonlunde i synk, og så går det slag i slag med klassikarar som Lusse Lelle, Staffan var en stalledreng, Så mørk er natten, og ikkje minst Goder afton. (Nei, eg har aldri høyrt om dei før, eg heller).

Det er fint. Jentene syng høgast. Eg får framleis klump i halsen av å sjå Endre der, i flokken. Noko av håret har glidd ut av hestehalen, og eg mistenkjer han for å ha gått tekstpuggingskurs med sin far. Det var ikkje alt som sat spikra. Men eg var sprekkeferdig av kjærleik.

Forestillinga vart opna av Ragnhild Tysse

Dei små fekk setja seg langs veggen i kyrkja, og konserten fortsette, og det som slo meg var dette: Desse skodespelarane, det er kanhende ikkje alle som er verdas beste songarar, men i nærvær og formidling av tekst går dei utanpå det aller meste eg har sett. Eg trur på dei.

Lyden er klokkeklar og om det er Mette Arnestad som formidler Jon Fosse sin Den fortviling me går igjennom, eller Marianne Holter som gjer ein strålande versjon av Joni Mitchell sin River, så vert det levert på enormt høgt nivå, og eg kiker bort på Rållså, som har tårer i augene.

Og det er noko med måten materialet er sett saman på òg. Jula er  forventning, einsemd, lengt, sakn, men og glede. Slik som desse fantastiske scenekunstarane viser oss.

Det er frå Prøysen til Fosse, til Deilig er jorden.

Leanda Klingsheim høyres ut som ei popstjerne då ho syng Home to you, og ho ser ut som ei òg.

Anders Dahle og Marianne Holter gjer ein modig versjon av Peter Gabriel sin Don`t give up. Han ligg tett opp mot originalen og Dahle høyrest akkurat ut som Gabriel, og Holter freistar ikkje å høyrast ut som Kate Bush, og kvifor skulle ho det? Det er kjempefint!

Gretelill Tangen formidler Johanna og Broremann  (Ajax) så utruleg fint og varmt og nært. Det er nok høgdepunktet for meg.

Eg tykkjer koret (Rogaland Teaters Julekor) òg er bra, men det vert litt langdrygt mot slutten, kan hende, Rållså er uenig.

I bilen på veg heim diskuterer me forestillinga. Eg satt bag ei søyla og såg nesten ingenting, seier Endre. Eg syns det sko ha vore dobbelt så kort.

Men han er 12 år, og har sete bak ei søyle i halvannan time. Eg triller ein sterk femmar på terningen for denne finfine forestillinga. Tusen tusen takk til alle som deltok. Og takk for dugnaden for Kirkens bymisjon.

Me diggar teateret og alle som jobbar der! 

 



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta