Utakt er verdens lønn

 



Argh.

Satans pandemihelvete er ikkje over enno.

Akkurat slik som dei fleste av dykk er eg drita lei. Eg er lei av å høyra om han i nyhetene lei av å høyra folk som er eller har vore i maktposisjonar krangla om korvidt det er for tidleg eller for seint å gripa inn, lei av krangelen om kven som skal stå kor i vaksinekøen, lei av dei stygge blikka som er tilbake på bussen, og så kan eg ein song om å vera lei, eller meir som eit vers som vart dikta på direkten av ein medsoldat i jegertroppen på skjold i det hersens år 1989.

Det var vel på ein utmarsj, tenkjer eg. Me song ganske mykje i jegertroppen, for då tolte me meir gåing, meir gnagsår, meir ømme aksler.

Hovedårsaka til at me song var ein nordlending som på eitt eller anna nivå hadde delteke i det amerikanske forsvaret, eller kanskje han berre hadde sett Full Metal Jacket på VHS trehundretusen gonger. 

Han døydde forresten han nordlendingen, i ei tragisk basehoppar-ulukke inni fjorden her, for ein del år tilbake.

Han var i alle høve ein veldig kapabel forsongar, og medan me marsjerte (dei andre i takt, og eg stort sett i utakt), marsjerte han ved sida og song, og så svarte troppen med å synga akkurat det same.

Det var ein song som liksom skulle gå frå klokka eitt til klokka 12, og temaet var alt det strålande som egpersonen hadde utretta på soverommet. Dei fleste song med - med den stemmen dei hadde - og eg hugsar enno det eine verset som var vers nummer to, og det gjekk slik som dette:

Two - by two- we started to screw in the bedroom - all night - and all through the daaay..

Nåvel. Dei fleste av oss som har avtjent førstegongstjenesta - særleg då det var kald krig, og alle MÅTTE avtjena førstegongstjenesta - gjerne på ein gudsforlatt stad i Nord-Noreg veit at ein vert nokså lei og desillusjonert av å leika krig. Ein lagar seg ei dimmelenke, tel dagar, lengtar vekk frå alt ihop.

Det var ikkje til å unngå at det som måtte ha vore av motivasjon å henta i å marsjera i takt og synga sangar på engelsk om å ha seg i monge timar i strekk, nei, det forsvann etterkvart som ein såg ein dato med eit imaginært dimmefly i enden av ein lang og mørk tunell.

Så var det ein gong utpå våren at ein av mine medsoldatar dikta dette her verset, som eg framleis held som ein lyrisk skatt, og som eg syng for meg sjølv når eg er skikkeleh skikkeleg lei.

Jæger Jænsen var nokså lei, og så gjekk me der og hata. Dei i takt, og eg i utakt og så skrik han ut på finnmarksdialekten sin: ONE - BY ONE - Æ E SÅ LEI, Æ KUINN SPY - IN THE BEDROOM - ALL DAY - AND ALL THROUGH THE NIIIGHT!

Han vart møtt med humring blant dei nokonogtjue i troppen.

Men eg er kan hende mest lei - og litt skremd - av vaksinemotstandarane som sprer frykt og usikkerheit i befokninga. Det minner mest om ei sekt - som delar ut memes - og skriv sinte meldingar i Capslock. Og meiner seg knebla av media.

Knebla? Hvis dette er knebla så skjønar eg ingenting. Ingenting! 

Ei suppe av Big Tech, Bill Gates, nyfascisme, gammelkommunisme og 5G. Grensa mellom kritisk og konspiratorisk går vel omtrent ved tankegods som trur at det finns ein elite som ønskjer å styra oss, for å få kontroll på oss og ta i frå oss rettighetane våre. 

UFO ROGALAND PART 2!

Slutt! Ta vaksinen eller la vera, men slutt å dela synsebasert forskning! Slutt å trykka smilefjes på tragiske nyhende! For. Natas!

#æesåleiækuinnspy




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta