Tiing og liding

 

Tia og lia

 

Du mysta nokon

Som sto deg nære

Den tyngste børa som

Nokon kan bera

Halda på maska

Og gøyma tårer

Grina i regnet

Der ingen såg deg

 

Du krumma ryggen

Og bøygde nakken

Drog med deg børa

Kom deg opp bakken

Sparte deg aldri

Sa ikkje stort

Akk, dette livet

Seint eller fort

 

ta ikkje opp stor plass

Meir enn dei andre

Jobba og stria

Bita det i seg

Tia og lia

 

Ugla i fjellet

Tuta om kvelden

Skar igjennom mørkret

Kle lik! Kle lik!

Fekk ikkje sova då

Inn under teppa

Mykje å grunna på

Ville kje sleppa

 

Den kalde handa di, mjuk oppi mine

Endeleg kvila no

No har du fred

Alt det du ikkje sa sette seg i meg

Alt det du gjorde

Orda du valde

 

Alle dei tønnene, dei som er tomme

Ramlar og skramlar mest

Gjallar i rommet

Dei kunne lert av deg, snudd seg mot vinden

Lert litt om korleis ein

Tier og lider

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta