Ein sommar forbi

Det er minkar på sommaren, og me har vore enno ein tur austover, i bil denne gongen, via fantastiske Rauland nokre dagar, til Asker i eit par dagar, og attende.

Bilferie er jo synonymt med helvete for mange av oss, men ved fri bruk av dei utskjelde skjermane, og nok øyretelefonar, så vil eg seia at det gjekk ganske smertefritt føre seg,

Sett bort frå småkrangling mellom kartlesar og sjåfør angåande fart og frekvens på stopping,

Og heime er det orging og vasking av fasadar, maling og klypping av hekk, og då eg skulle mala gjerdet mot næraste nabo, oppdaga eg ein større koloni med veps - kva heiter det på nynorsk - kveffs? kvafs? - veit ikkje. Og dei var litt for nære gjerdet, og malaren til å kunne kalla det komfortabelt. Og malinga var deretter - gjort i hastverk - og etterpå gjekk eg på nettet for å sjå korleis ein kunne angripa situasjonen.

Eg hugsar ganske godt då eg var gut, at ein avløysar me hadde heime på Kåda (var det Lars Strøm, mon tru?) trødde oppi eit jordvepsebøle og at han heiv øksa frå seg og la på på sprang heimover, og enno kan eg høyre ekko av skrika hans oppunder kådafjellet. Han hadde 16 stikk og måtte køyrast til doktoren på Hjelmeland. 

Det var mykje å velga mellom om ein skal bekjempe veps. Venta til vinteren, spraya på skum, setja ut ein kopp med bensin, fjerna vepsebolet med ei rake eller liknande, eller støvsuga dei.

Eg gjekk for den siste varianten, Sette støvsugaren på fullt, og plasserte røyren nokre centimeter frå opninga, og så sto eg på trappa og kika på at den eine vepsen etter den andre forsvann inn røyren. Så let eg han stå slik i eit par timar, og aktiviteten kring vepsebolet hadde stoppa heilt opp.

Eg stoppa støvsugaren, teipa igjen holet i påsen, og heiv han i fryseboksen. Dagen etter var det ein veps attende ute, ein einaste sint og forvirra liten kar.

Det er sant som Rållså seier, at vepsen er ein del av naturen, og blant funksjonane dei visstnok skal ha er visst det at dei et knott og floger. Bestøving driv dei visst og med, men mest på våren.

Og eg er ferdig med maling, og så har me vore på Randøy i nokre dagar, og der har eg og mala, mellom anna, men det kjem eg kan hende tilbake til seinare.

No kjem hausten!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta