Det kan fort gå godt òg

Det er snart val, og eg  har  førehandsrøysta i brakka på Hillevåg torg, slik eg og gjorde for to år sidan. Eg har røysta på same partiet òg, men det er ikkje mykje engasjement eg legg for dagen, og stort sett så omgås eg ikkje høgrefolk, og når eg gjer det, så styrer eg utanom politikk om det let seg gjera.

Debattar på fjernsynet er heller ikkje så kjekt, tykkjer eg. Alle partileiarane har rådgjevarar som på førehand har bestemt kva dei skal seia, dei har fått mediatrening, er sminka og dolla og straumlinjeforma i ein slik grad at det mest ikkje menneskje igjen bak der, ikkje som ein kan sjå. Dette ligg over heile fjøla, frå akse til akse.

Me veit kva dei skal seia, kvar og ein av dei, og om programleiarane stiller dei til veggs, så klistrar dei på seg eit smil og seier det same igjen og igjen. Og igjen.

Eg skjønar at politikk i stor grad handlar om å ha dei beste løysingane, og i valkampen vert dei lagde fram som rein sanning, og eg veit ikkje kva eg ville hatt i staden for. Eg veit kven eg er mest einig med. Det er i grunnen nok. 

Tredje spelejobb med Skyggebror nærmar seg. Me har øvd litt, på nytt og halvgamalt, og så oppdaga eg at me hadde eit heilt opptak av konserten på Påfyll liggjande, og den var faktisk ganske bra, om ein kan vera fri nok til å sei det slik, utan at nokon dreg bresekortet.

Eg er varamann til eit styre i ei samvirkebedrift, og det går gjerne år imellom kvar gong eg vert kalla inn, og slik var det no forrige veke, og då kjende eg berre nokre få, og sjølv om eg ikkje har noko i mot folk, nye eller gamle, så vart det litt gruing i forkant.

Kva om eg ikkje skjønar kva som vert sagt? Og kva om eg tykkjer at det er kjedeleg? Kva om eg ikkje klarer å skjula at eg tykkjer det er kjedeleg?

Det vart ikkje slik i det heile. Folk som er tillitsvalde  vert jo gjerne valt av di dei har nokon som trur at dei kan gjera ein jobb, og at dei har meiningar og engasjement.

Eg vart kjent med fleire igjennom det døgeret samlinga skulle vare, og eg kjende at banda til primærnæringane framleis var der, sterkare enn på lenge. Og eg trur heller ikkje at eg skjemde meg ut nevneverdig.

Eg likar denne tida på året, der sommaren går mot slutten og hausten berre er tilstades med eit kjøleg drag. Som ei påminning om at det er på hell.

I helga planta eg hekk saman med Rållså, utan at me fauk i tottane på kvarandre. Og så var eg ein kort tur innom burettslagsfesten, der eg drakk to kalde Heineken og åt ei kald grillpølse med søt sennep, og vart kjent med ein Trønder som har flytta inn like borti her. Han kunne veldig mykje fotball, sjølv om han var Chelsea-fan (OG Rosenborg).

Så gjekk me kvar til vårt rett før seks, og han var nok meir nøgd enn meg med det resultatet (1-1).

Ellers? Ellers er det vel slik at me lev nokså kjedelege liv, med blaff av venleik og undring og skakke tonar og gyllen bygg i store kvanta. Og den blå Gandsfjorden som sola og himmelen speglar seg i.

Det kan fort gå godt, dette.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta