Planet Earth is Blue, and there's nothing you can do

 


Jon Evil hadde kjøpt billettar til ein Bowie-tribute på Stavangeren på fredag og me endte opp med å gå saman med Ingrid og vennina hennar frå klassen.

Ein eg kjenner (men ikkje kan sei namnet på) reiste heile veien til byen for å sjå Ole Evinrude spela hits frå sin brokete karriere. Me snakkar om mannen bak hits som: Det vakke min skyld, Sayonara og This town aint big enough for the both of us, sanger som har satt sjelelige skader på ein heil generasjon.

Det var som sagt Jon Evil som var initiativtaker til arrangementet vi skulle på, og eg hadde ikkje sett meg inn i kva det eigentleg skulle gå ut på, men stolte fullt og heilt på min svirebrors gode smak, og songane til Bowie har prega meir enn ein generasjon, og på ein god måte.

Me gjekk ned mot byen, Ingrid og eg. Det er ein fin veg å gå, over motorvegloket ved Mosvatnet, og ein snei innom Vålandsskogen. Ingrid snakka og snakka, og eg insisterte på at ho skulle kneppa nest øvste knappen i skjorta.

Skjortå di e alt for åpen! Knepp igjen knappane!

Nei, u e ikkje for åpen, eg kan kneppa igjen ein.

Jaja, du må huska at du e bare 13 år.

Me går nokså fort, for eg er ikkje sikker på kor long tid me treng, og så henter me venninna som bur på Våland, og saman finn me vegen til Stavangeren, og hukker opp med Jon Evil, skannar billettane og går inn.Det er no eg oppdagar at billettane er på første rad, og i baren treff eg ein Liverpool-kompis, og når eg kikar i programmet, så er trommeslagaran Audun, ein Liverpool-kompis han òg.

Og når me har sett oss ned, så vibrerer telefonen i lommen, og så er det Olav, som sit på sjuande rad.

Me sit med nasen i høgde med scenekanten, og ein unaturlig knekk i nakken, og oppå der sit det haug med musikarar med klassiske instrument, hvis det er noko som heiter det. Ein cello, ein kontrabass, eit par fiolinar, ein dirigent. Notestativ.

Så kjem vokalisten på. Ein tynn mann i vest og skjorte. Eyeliner under auga. Djupt konsentrert startar dei Ashes to Ashes, som er ein av dei verkeleg store hitsongane og det er skakt og samtidsmusikk-aktig, og eg treng litt tid til å venja meg til vokalisten. Han syng med voldsom patos, og er meir kabaret enn originalen, følgjer alle irrgongane og vibratoane, høgt og lågt. Han har eit spenn som er imponerande.

Olaven sa etterpå at det gjekk fin då han fyrst klarte å venja seg til at det ikkje var David Bowie sjølv som song, og dette ensemblet her var på ingen måte noko coverband som planka hitsongane til den avgådde superstjerna.

Og inn på scenen kjem Tore Renberg, og tek regien på ein suveren måte. Knyter det nære og personlege saman med det svulstige. Kul og morosam på same tid. Det er voldsomt gildt!

Dirigenten, komponisten og vokalisten vært presentert, og inn i songuniverset forsvinn me. Det er krevjande lytting og rare kvarttonar, og eg er smått imponert over dei to 13 år gamle jentene som sit til venstre for meg, som konsentrert følgjer konserten, utan å sjå på mobiltelefonane ein einaste gong.

Det er gledeleg få mobilskjermar å sjå (særleg for oss som sit på fyrste rad, med ein unaturleg knekk i nakken). Eg tek eitt bilete mot slutten, diskret. Det viser vokalisten og litt av den eine fiolinisten på halve skjermen og rumpa til dirigenten på den hi, så det er vel ikkje akkurat noko blinkskudd. Det er ingen skravling, sjølv ikkje når orkesteret speler Jon Øyvind Ness sin eigen komposisjon 'Weimar rapsodi'. som knyter Bowie og Brecht saman med post punken. 

Det pompøse og obskure, det leikne og angsten

Det står betre beskrive i programmet, dette her. Det rører meg. Ein enkel bondegut frå Randøy. This aint no Hank Williams tune. Orkesteret er innom Roxy Music òg, og The Assosciates, og fleire av dei mindre kjende songane til Bowie.

Bewlay Brothers og Sons of the Silent Age, til dømes. Når dei annonserer Life on Mars som siste nummer, ser eg at Ingrid smiler, og munnen hennar formar orda, og når songen er ferdig vert orkesteret klappa inn igjen, og dei gjer oss ein fantastisk versjon av Space Oddity. Og me syng med, både Ingrid og eg.



På veg heim over Våland:
Ka e favorittsangen din med Bowie, pappa? 

Det er jo verdens vanskeligaste spørsmål. Spurt for minst femte gong. Sist trur eg at eg svarte Heroes.

Eg vett kje heilt, kanskje Hello Spaceboy, for den e så sykt bra live.

Kommentarer

Herregud! beste konsertkritikken jeg har lest!
paaskeharen sa…
Det var fint sagt! Takk!

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta