Nå kommer jeg og tar deg

 Det vert sagt at om du har lært å symja, så gløymer du det ikkje. Det same gjeld sykling.

Men du vert betre til å symja dersom du sym kvar dag enn om du sluttar i - sei tre-fire månader - og byrjar igjen.

Du byrjar ikkje på null. Men du byrjar definitivt ikkje på 8-9 heller. På ein skala frå ein til ti.

Dersom du ikkje har publisert ein einaste tekst sidan Desember 2021, så byrjer du på to eller tre.

På ein skala frå ein til ti.

Det er nok å skriva om, det er ikkje det. Små ting, store ting, skeive og rare ting. Svimlande avgrunnar, musikk, sosiale media.

Krig.

Fred.

Politikk

Og sånn.

Og så er det tonen, han må ikkje vera alt for sur. For verda er full av sure og halvgamle menn. Som gulpar over pauserom og kommentarfelt.

Verda er full av halvgamle menn som har heila vede, som kan peika på kva som er gale, og kvifor det er gale, og fortelja deg kva du skulle ha gjort i staden for det galne.

Verda ligg ikkje på sine kne og tryglar etter eit comeback frå Påskeharen.

Men her er eg altså. 

Til teneste.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta