Let me entertain you - Rustfest del 5



Dagen kjem. Laurdagen, og den første spelejobben sidan 2019.

Arni er rastlaus og stikk ut ganske tidleg, medan Timmy og eg vert liggjande i kvar vår seng og sjå på hits frå åttitalet. Eg vurderer kremasjon på avbetaling. I følge reklamen er det berre eit par hundrelappar i månaden,

Det er monge forskjellige måtar å førebu seg til konsert på. Ein skulle tru at di fleire konsertar ein spelte, di meir profesjonelt takla ein det mentale i timane før. Men slik er det diverre ikkje,

Sjølv vert eg dregen mellom han som seier at dette aldri vil gå bra, og gjer at eg mest må spy og han som seier  at dette her er easypeasy. Du kan songane i blinde, du har øva, me er eit dritbra band, du har gjort dette så utruleg monge gonger,

Det er han første som skrik høgast og på sitt mest intense lukkast han med å opna ein avgrunn under meg, men eigentleg ikkje denne kvelden i mars 2022.


 Det er inni helvetes kaldt i lokalet, og backstagen er endå verre. Eg finn ein krok på sjøsida av baren, ein sofa vend ut mot bukta. Det er litt meir lunk der, og flaggermusene let meg sitja i fred. Kan hende i ein time. Det er litt meir folk i dag. Det har vore avlysingar undervegs, fredagen var det eit band som hadde Korona, laurdagen måtte eit band avlysa på grunn av ei brekt hand. Eit anna kjem inn på direkten.

Eg kan sjå at røykmaskinen fungerer, der han står som ein rykande kanonmunning på venstre side av scenen. Me har med oss ein koffert med merch, men tek berre fram Cd-ar og vinyl, og set oss attmed ein annan fyr som sel merch. Det er nokså lunken interesse frå festivalpublikum. Ho frå Newcastle vil ha. Signert og alt. I dag er ho endå meir pratsam enn dei føregåande dagane. Eg skjønar kan hende 20 prosent av det ho seier.

Å spela konsert er toppidrett. Ein skal prestera, finna tonane og orda, gje dei vidare til publikum. På gode kveldar strøymer musikken igjennom bandet som ein uimotståeleg vegg av kjensler, vinn over tvilarane, og held dei fast til siste tone sig ut igjennom høgtalarane. Konsert kan væra verdas beste ting. Men ofte er det ganske ordinært.

God scenelyd er ein faktor som ikkje kan overvurderast når ein spelar konsert. Det vil seia at det er godt nok miksa til at ein får fot, og høg nok voklallyd slik at vokalisten (denne gongen eg) kan høyra kva han syng'.

Første og andre band er ferdige med sine sett, og det er pause og me skal rigga om og ha linjesjekk. Linjesjekk er noko som er vanleg der det er monge band som spelar. Til dømes på festivalar.

Linjesjekk er ein kjipara versjon av lydsjekk. 

Me gjer oss klare til å gå på etter å ha fått lyd i alt. Det er ein veldig pratsam engelskmann som fortel skrøner frå då han var trommetekinkar for Gaahl og Ville Vallo og Cradle of Filth, og eg kjenner typen ganske godt, og eg likar røvarhistorier, og dei sosiale antennene til denne karen er kan hende ikkje dei beste, for den eine anekdota tek liksom den neste, og eg tenkjer at han må ha fått i seg noko han ikkje har ete. 

Etter konserten ropar han til meg at me var ein krysning av The doors og Joy Division, og det er eit av dei beste komplimenta ein kan gje nokon. Hadde eg sagt det sjøl musikken vår er som ei kryssing mellom The doors og Joy Division, så hadde det vore bresing, og eg hadde aldri kunna vist trynet mitt i Ryfylke igjen.

Me gjorde ein god konsert, tykte me. Eg rota litt på Black River, og måtte improvisera tekst på Dying, men mot slutten av settet, på Tick Tock og Sorrow Returns såg eg at det var god gang i salen, og scenelyden var avsindig bra, og mens me spelte var det som om me tre var inni musikken, saman inni ei musikalsk snøkule, slik som på øving i Alsvik.

Eg trur publikum likte oss. Dei sto i lang kø framfor merchbordet vårt og kjøpte alle platene våre (det var 10- 12 stykk som hadde forsynt seg utan å betala og, men det må ein mest rekna med).

Me sette oss med Archie og Denise, og dei var i storform, og Archie og eg snakka om Jan Kenneth, og eg fekk klump i halsen.

Og så skjøna eg ikkje så mykje av kva han sa, men det var noko med trommer og, Kenneth. Og Denise og eg var enige om at Liverpool var verdas beste klubb, og kom til å ta fire titlar i år, og enno har eg ikkje kome til endes på UK - blogginga.

Men eg kan teasa at i neste blogg sneier eg innom ein politikar frå Raudt, og det blir siste i denne serien. God Laurdag!

(Bresebiletet er tjuvlånt frå ei nettside som heiter reflections of darkness).


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta