Gitarkameratar

Det er 14 år sidan eg skreiv mi første turnèdagbok.
Den gongen var me 5 veker på vegen med Trail of Tears og Therion.
I bobla, i nightlinerbussen som tok inn vatn. Svein Terje på taket med silikontuba ein stad i Sveits.
Opp og ned autobahn, og London, Paris, Praha, Budapest.
Tyskland, Tyskland, Tyskland.
Lukta av sveitte, øl og sigarettar. Og folka. Jaari og Rippe, Kjetil og Kjell og Terje. Runar.
Og oss. Arnstein, Vibeke, Rune, Kenneth, Kjetil, og Svein Terje.
Meg med pennen på føremiddagane. Kladdeboka med plastomslaget. Freista å setja ord på kva som eigentleg hende i stjernetåka. I det parallelle universet.
Post Tristania har eg vore utanlands på speleoppdrag to gonger, og sist gong gjelds ikkje, for mor var så sjuk då, ho låg på Haukeland og fekk utført ein operasjon ho aldri skulle ha tatt. Og eg klarte ikkje å vera der eg var. Eg var i eit vakuum, hjelpelaust svevande, utan evne til å gjera noko som kunne endra lagnaden. Utan kraft til å stengja det ute.
Helvetes jævla satans kreftfaenskapet.

Denne gongen var det annleis. Det var Tyskland. Livet nokonlunde i vater. Songar eg var trygg på at eg kunne, og eit par nylege oppdrag utanfor komfortsona som styrka sjølvkjensla.

Det er mange sider med det å reisa utanlands på spelejobb. Du har ideala om å spela i band. Seks og drøgs og råkkenråll. Eller det er ikkje ideal. Mytar eller klisjear.
Men det er kjekt med ei øl. Eller to.


Me skulle reisa frå Sola, via Gardermoen til Düsseldorf.
Det var den veka SAS - pilotane streika. Sjølvsagt var det det. Flyet frå Stavanger var avlyst eller innstilt, utan at eg heilt klarte sjå skilnaden. Konsekvensane var dei same. Flyet gjekk ikkje.
Dermed vart det mykje åll. Med arrangørane, som hadde kjøpt så billige flybillettar til oss at det ikkje var medrekna eit einaste kolli med bagasje på det flyet som faktisk gjekk, og me oppdaga ikkje det før rett før.
Alt var med andre ord slik det skal vera.
Arni booka nattog, gitarane vart att heime. Det var litt småsurt. På den eine og andre måten.
9 timar sitjande i tog. Arni og Eva Helen på eine sida. Tommy og eg på andre.
Det vart opplyst over høgtalaranlegget at toget var heilt fullt. Og ganske snart opplyste konduktøren om at det var ulovleg å nyta medbrakt på toget, for dei kunne mista skjenkeløyvet.
Det var ei dame i femtiåra, og ho klarte ikkje heilt å skjule at ho tykte me var skontafolk og potensielle bråkmakarar, men me svarte høfleg og nikka og bukka og styrte med vårt når ho ikkje såg.
Pragmatisme kan vera ei gåve.
Stemninga letta medan toget gleid sørover. Langs Gandsfjorden, igjennom Sandnes. Nedover Jærens mørke åkrar.
Med kald vind frå nord i ryggen, og bobler kamuflert som Farris i koppane.





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bonde i fra bygda

Skyggebror

And THEN some 2006 - 2019 - takk for seg