Tyskland



Det er ein scene i The Wall - filmen, der  hovudpersonen - rockestjerna Pink sit, tungt animert og medisinert og glor på fjernsynet og zappar med fjernkontrollen.. Bob Geldof greidde aldri å toppa det han gjorde i den filmen. Sjølv ikkje då han arrangerte Live Aid.
Han sit heilt apatisk framfor fjernsynet med ein filtersigarett i handa, og bler seg igjennom kanalane, igjennom all meiningsløysa, krigsfilmar i svartkvitt, reklamar, gameshow.
Han er på veg utfor stupet.


Det var ikkje noko stup i umiddelbar nærleik der eg låg på senga på budget-hotellrommet mitt, Eg hadde frigjort føtene frå Dr. Martens-støvlane som hadde omslutta dei i halvanna døger. Eg sløva, sprella med tedene og kika igjennom kanalane som befann seg på hotellet sin TV-meny.
Eg drakk ein jumboboks med Becks, og hadde det godt.
Tommy hadde vorte henta av manageren til sitt andre band, for å ha si første øving med dei, medan Arni og Eva Helen hadde dratt inn til byen. Og for oss var dagen heilt utan program, bortsett frå ein tur bort på festivalen for å lodda stemninga og sjå fredagsbanda spela.
Eg høyrer ikkje så mykje på musikk, kan hende mindre enn eg skulle ha gjort. Kan ikkje gå med det på øyrene, for eg er fjern nok som eg er.
Arni, Eva og eg kom ganske tidleg til staden, i ein taxi, som ikkje tok kort. men måtte betalas med kontantar, og me tykte at det var jo spesielt, i 2019.
Det var veldig god stemning utanfor staden, som var ein blanding av rockeklubb klubb og fritidsklubb i utforming, Det flaut med svartkledde og svartsminka og mange hadde charcoal-farga t-skjorter med band eg aldri hadde høyrt om.
Eg sklei ikkje akkurat lett inn i mengden her, framleis i blå dongri og kvit t-skjorte. Arni kom i gitarpreik, og me sjekka ut sal og scene, og i baren selde dei Jäger-shots til 1,5 Euro. (,,,).


Eg har stor respekt for dei som arrangerer slike festivalar, med band som dei fleste ikkje har høyrt om, men som likevel er plukka ut i frå nokre kvalitetskriteriar. Dei (arrangørane) tek gjerne økonomisk risiko, dei jobbar dugnad i mange og lange dagar av idealistiske årsaker.


Hurra for små promoterar som arrangerer små festivalar. Dei bidereg til å gjera verda til ein betre stad.
Hurra for det smale, bisarre og obskure og alt som er sub. Mest alt.
Utpå kvelden kom Tommy og dei nye bandkameratane hans. Han eine la merke til Liverbirden på brystet mitt, og då var me liksom kompisar.
Og me ser to av dei tre banda som spelar denne kvelden. Eit band frå Belgia, og eit gamalt Pønkepar som heiter No More. Eg likar dei litt. Den litt slitne mannen som står på eine sida av scenen og riffar som ein galen, og dama som står med synthar og anna elektroniske instrument, og fngrane hennar spelar på nokre krukkegreier som lagar ein merksnodig lyd. Som om ET hadde vendt tilbake eller noko. Eller kanskje han har vore her i Tyskland i alle desse åra.
Det er monge ting som overlever i Tyskland, som kjem og går som pust av trendar andre stader. Hockeysveisen, dongrivesten. Eg kjem ikkje på meir.
Me fer heim til budgethotellet vårt når det er slutt. Me får ikkje ut sigarettar av automaten i inngongspartiet. Me er meir enn forsynt, så det er like greit.


Laurdagen kjem. Arni og Eva hiv seg inn til byen, og etterkvart dreg Tommy og eg i same retning. Det er ein slik dag att: Det er nokså deilig i sola, men så skyar det til, og byrjar å regna, og vert utriveleg, og så går det over igjen, og skin opp, og så bortetter.
Tommy og eg et Pizza på ein restaurant som er meir Takeaway enn restaurant.
Og så hugsar eg ikkje så mykje av kva som skjedde på dagtid, kanskje bortsett frå at eg briljerte med mitt tyske vokabular (som er svært begrensa) medan eg slo eit slag for å læra seg nokre fraser når ein var på besøk i eit anna land. Eigentleg var dette djupt dobbeltmoralsk, med tanke på at på alle dei konsertane og turnèane eg hadde vore med på i dette landet, hadde eg knapt utveksla to heile setningar på tysk. Jaja.
På eit eller anna punkt må me ha reist for å gjera lydprøve. Scenen var ganske passeleg - romsleg til og med - for tre mann.
Den store snakkisen er at det amerikanske headlinarbandet - som vert kalla The Rope - og har spelt i Reading i England dagen før - er svært forseinka.
Dei var i rute, peiste på for å nå Ferja frå Dover til Calais, men så...viste det seg at trommeslagaren hadde gløymt passet sitt i Reading, og dermed vart det innihelvetes mykje bilkøyring ekstra - på ein tur som allereie var ganske dryg.
Den andre snakkisen er at vokalisten i T sitt andre band har mysta stemmen.
I Long Night - leiren er alt ganske harmonisk, me gjer lydprøven vår utan for mykje dilldall. Eg tykkjer ikkje scenelyden er fantastisk, og det heng delvis saman med størrelsen på scenemonitorane, og delvis at PA - anlegget heng på veggen bak scenen.
Teknikaren seier at han kan blåsa Long Night TAU - logoen vår bak på ein backdrop, og det tykkjer me er ein rasande god plan.
Normalt ville eg ha vore eit skjelvande vrak på dette tidspunktet, men det går fint.
Det er lett kaotisk før T sitt andre band skal på, vokalisten freistar å drikka så mykje som mogleg for å få vekk knekken i røysta. Det går berre sånn passe.
Trommeslagaran ordnar ei backup-løysing. Dei går på og fullfører med stil. Det er Tommy sin debut med dette bandet. Han gjer seg på ingen måte vekk.
Det er fullt i salen. Me gjer oss klar til å gå på. Eg har tatt på dressen. Mange har ritual dei gjer før dei går på scenen. Ein sigarett først, til dømes, men eg har slutta å røyka. Eg står likevel ute med Arni og Tommy og folk frå OBB, når amerikanarane kjem, trøytte, men sjeleglade, til latter frå oss: Now, tell me: who was it? Who was it that forgot his Passport? Ein smilande fyr løftar armane og seier: OK! I admit it - it was me.
Me går på scenen til den passe pompøse introen me har til East of the sun.. Det kjennes godt. GUTEN ABEND, HILDEN! WIR SEID LONG NIGHT AUS NORWEGEN!
Halvvegs i settet - under Shadow Dance, ryk skjorta, og me ser oss aldri tilbake.
Publikum likar oss, og me likar dei. Dei står og svaiar til musikken vår, og det er ingen stad denne timen, der folk kan gøyma seg frå ekkoet av røysta mi.
På siste songen står Tommi og Arni og jammar saman på scenen, og det gjer meg genuint glad, og når me går av er me godt nøgde, og det er publikum og.
Og det har vore ein lang veg for å koma til endes på denne historia, som fint kunne ha blitt til eit par postar til. Eg kunne ha skrive om The Rope sin konsert - som var veldig veldig bra, eg kunne ha skrive om alle dei fine tilbakemeldingane me fekk frå folk etterpå, og at CD-platene me hadde med oss vart selt heilt ut.
Eg kunne ha skrive om turen heim.
Men av og til ein prøva å begrensa seg. Men eg gler meg til å reisa på tur med desse godfolka igjen!
God søndag!


















Kommentarer

Anonym sa…
Det hette vel «Wir sind»...?
paaskeharen sa…
Haha! Det undetrekar vel eigentleg berre poenget mitt.

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta