Topptilhengarar frå den PolitiskUkorrekteHøgresida

Det er stort fokus på mat, og kva som skal etas og kven som skal eta det og kvifor.
Det er ein herleg saus av religion, moralisme, ideologi, helse, og sunnhet. Det er allergiar og soyaimport og regnskog og toleranse og intoleranse og dyrevern og ekstrmisme og trusretningar som går Jehovas Vitner og Profetens Ummah i næringa. No mangla det ein e i ekstremisme, og difor vil det heite det frå no av - ekstrmisme - med stum e. Eller ein stum og to ikkje stumme.

I går var eg så dum at eg gjekk inn på eit kommentarfelt der folk godta seg over at Lan frå byrådet i Oslo var sjukemeldt.
Lan er vegetarianar og frontfigur for Dei Grøne, og vel - eit av dei framste hatobjekta til PUKH - Den politisk ukorrekte høgresida. Dei som et svin og drikk sprit og seier neger når dei vil av kulturelle årsaker. Eg la merke til at monge av dei som er mest i mot den PK korrekte venstresida og FAKE NEWS liberale venstresidepressa - som til dømes Dagbladet - er såkalla 'Topptilhengarar' i same nettavis, og eg mistenkjer at dette ikkje har noko med kvaliteten på kommentarane deira å gjera,.
Dei virkar ikkje til å ta høgde for grammatisk perfeksjon heller, men meg om det. Det som gjeld er nok mengde kommentarar og reaksjonar over tid.
Dei LIKAR kvarandre ein heil del, og vent litt, så skal eg finna nokre eksempel, tilfeldig saksa blant dei 268 kommentarane:



Eg er klar over at det er ytringsfridom i Noreg - eg tykkjer til dømes at det er innafor ytringsfridomen sine rammer å brenna koranen. Det same gjeld bibelen, og alle flag. Det er sterke virkemiddel, men som politiske ytringar er det innafor.
Eg likar å tru at eg ikkje er lettkrenka, og eg er sikker på at Lan har slutta å lesa kommentarfelt for lenge sidan. For hennar del håpar eg det.
Men PUKH, altså - for ein gjeng med topptilhengarar. Pur klasse over heile linja.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta