And THEN some 2006 - 2019 - takk for seg


På sitt beste har det vore utviklande å skriva blogg. Morosamt. Engasjerande.
Eg skriv i preteritum av di det ikkje  er det lenger.
Det kan henda at kreativiteten - når han kjem attende - finn andre årer å renna i. Som flaumvatnet om hausten. Det veit vi ikkje.
Ikkje eg. Og ikkje du.
Takk til alle som har følgt meg, kommentert og kome med innspel. Særleg Frøken Figen, Rållså, Monstermamma, Frekkesen, Flanellskjortemannen. Monge nemnt, monge gløymd.
Det er tusen måtar å ta livet av ein blogg på, og denne her har eg gjort ende på ved å seigpina han, og til slutt fisla han ut med eit knapt høyrbart fzt, som ein skvett brus i ei litt for stor plastflaske.
Ein nokså vanleg måte å drepa ein blogg på, trur eg.
Det er heilt tilfeldig at dette skjer på same dagen som Sylvi Listhaug vært Oljeminister.
Det er òg heilt tilfeldig at det er same dagen som Søviknesen vært eldreminister.
Det er skjer ikkje fordi ungdommane til Liverpool tapte 5-0 mot Aston Villa i går.
Det er ikkje fordi det er mor sin bursdag i morgon (ho hadde blitt 73).
Det er ikkje fordi nokon andre har sagt at no må eg slutta og skriva sånne private greier som ikkje andre folk treng å veta om oss.
Det er ikkje fordi eg skal gje ut bok.
Det er kanskje litt fordi eg er lei av å høyra mi eiga røyst i skriftleg og muntleg form.
Det er ikkje fordi Tauferja sluttar å gå den 30. Desember, eller fordi eg vert 50 i 2020.
I alt har eg skrive 1657 innlegg (med dei usensurerte og kladdane) over 13 år. Minst eitt innlegg i månaden.
Det er antageleg alt for monge.
Det eg kanske er mest nøgd med er at dette har vore mitt prosjekt - heile greia - utan at eg har vore avhengig av hjelp eller at nokon har styrt meg.
Facebooksida vil framleis vera open. Det kan hende at det kjem sporadiske tekstar eller dikt der, men denne sida her vert lagt ned og ikkje oppdatert frå i dag av.
Fred og Kjærleik.

Påskeharen



Kommentarer

Hva skal man skrive - hvil i fred? Takk for alle gode tanker og finurlig skriblerier.
Det er også tilfeldig at denne kommentaren faller på samme dag som Aris begravelse.
Lev vel.
Lars sa…

Dei beste breva handla frå Kåda og "Far min ", og takk for alle tankar derefrå.

Lars G.

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta