Sultans of swing

Ein eg kjenner seier ay hen har blitt avhengig av mobiltelefonen generelt, og sosiale media spesielt, og at det mest er som med sigarettane, at hen kan kjenna eit sug etter dei, og at berre eit sveip over skjermen kan dempa trongen.
Og det er visst som med sigarettane: dei aller fleste smakar ikkje godt, eingong.
Før kunne statusar vera krative og morosame, men det ser hen ikkje så mykje til lenger.
Me strør om oss med smileandlet og grineandlet og tomlar og hjarta.
Me deler ut gratulasjonar når facebook seier at nokon fyller år. Me deler dei same linkane. Me er i eit rom med alt for mykje klang. Me seier det same, høgt og i munnen på kvarandre.
Hen gulpar i seg dårlege og halvgode Netflix-seriar som om det skulle vera øl ti minutt før serveringa stenger.
Og så skal alle på dei same arrangementa. Eller for det meste er me berre interesserte. Berre denne veka har hen åtte arrangement. Tre av dei foregår på same tid. Til ei kvar tid er 15-20 av Hens vener interesserte i dei same arrangementa som Hen.
I Drammen, på Hjelmeland, i Oslo, Florø, Tromsø, eller i Stavanger.
Hen kjem kan hende til å gå på eitt av arrangementa hen er interessert i. Maks to.
Hen vinn ikkje over meir.
Hen ser at me er fleire som er telefonhekta enn hen. Hen ser dei bøygde nakkane, dei lysande skjermane.
På fortauet, på busshaldeplassen, på bussen.
I bilkøen - eitt auge på vegen - det andre lengtande mot skjermen i høgre hand.

Å vera avhengig av telefonen er kanskje marginalt betre enn å vera avhengig av tunge droger, for det er mange av dei same symptoma, men med lågare toppar og høgare bølgedalar.

Eg kunne skriva noko om at hen slit med å gå føre som eit godt førebilete for ungane sine. Der det før var ei dør, har hen no montert ei svingdør, for på det viset å konstant kunne treffa seg sjølv på veg inn eller ut.
Hen må faen meg skjerpa seg.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta