Mi jobbreise del 5 - Skogplantar








Eg må vel væra så ærleg å seie at kursen i livet mitt - om ein kan væra så ambisiøs å kalla det noko slikt - kan hende  har vore like prega av tilfeldigheiter og andre sin vilje, heller enn min eigen.
Etter 3 år på Hjelmeland ungdomsskule, fram til 1986, var det ikkje mykje glede igjen i meg.

Eg takla ikkje desse første tenåra på nokon god måte, rastlaus, utilpass, oversensitiv og umogen.
På hausten det året, byrja eg på Vinterlandbruksskulen i Ryfylke, og det var akkurat passe. Eg var yngst, så eg måtte tenke på kva eg sa og gjorde. Det var begrensa med teori, og mange kjekke utflukter. Eg bruka å sitja på med Odd i den lilla volvoen hans, begge fåmælte i dei haustmørke morgonane. Frontlysa som skar seg igjennom mørkret. Eg trur kanskje at eg røykte i bilen og. Eg røykte heile tida den gongen. Petterøes blå nummer 3 og wunderbaum. Slik lukta det i volvoen.

Me hadde fag som Rekneskap, Husdyrlære, Skogbrukslære, Jord & Hagebruk, og Kjemi og Biologi.
Og lekser hadde me mest ingenting av, eller eg gjorde i alle høve ikkje lekser. Då det lei fram på våren, og nærma seg eksamen, tok skogbrukslæraren meg til sides og spurde om eg var interresert i jobb.
Han sa at på Kåda hadde far (til slutt) lete seg overtale til å laga ein plan for drifta av skogen på garden. Det var ikkje nokon stor hemmelighet at far ikkje prioriterte skog. Han ville helst hogga flatt, dyrka og rydda beite til sauene. Ofte proklamerte han høgt på gebrokkent svensk :Jag trivs best i öppna landskap! 
Garden var forpakta vekk på denne tida, eg trur far var rådmann i Strand, men dyrking det dreiv han framleis med, og han hadde ei hand på rattet i sauedrifta og, men no snakkar eg meg vekk frå kjernen.

Far hadde gått med på eit plantefelt innunder Randåsen. Det skulle plantast ut denne våren, og det var denne jobben eg vart spurt om å gjera, og eg sa ja utan å tenka meg om så mykje.
Då eg fortalde det til far, vart han grundig irritert, for han hadde tydelegvis planar om å nytta meg til anna arbeid på våren og sommaren, og dette samsvarte dårleg med dei.
Skogplanting vart det likevel, for eg hadde sagt ja alt, og slik eg hugser det no, så var det ein av dei finaste jobbane eg har hatt. 4-5 kveldar innfor skiferbrotet, med lukta av alt som gror og slumrande vår i nasen (og Petterøes blå nummer 3).
Eg fekk ei kjapp innføring i arbeidet av skogfyren. Plantene, som var av typen norsk gran var rundt 10 centimeter høge, med ein nistepakke - ein klump med gjødsla jord kring røtene.
Til å gjere dette arbeidet skulle eg bruka eit slags spesialverkty - ein slik dings som det er bilete av over Grava litt med bendet som går ut, og stikka 'pluggen' ned i jorda, og på den måten laga eit hol til å setja planten oppi. Fylla på med jord kring planten.
Og så skulle det plantas med ein fast avstand, i eit system. Område kring stubbar bar særleg godt egna, for der var det næringsrik jord.
Eg fekk betalt for kvar granplante. Hadde eit belte med store lommar kring livet. gjekk i dei bratte Bakkane og planta etter beste evne, og eg hugser ikkje kor mange planter. Men eg hugser kjensla av å vera aleine, stilla innunder Randåsen, og brystet fullt av denne litt såre kjensla som eg brukar å kjenne når våren kjem.
Eg fekk godkjent for jobben eg hadde gjort. Og betalt. Når det hadde gått nokre år, henta me juletre der oppe.
No står granene som ein stor, mørk vegg, meir enn 30 år seinare. Klare til å verte papir.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Anarkistiske Barnesanger Volum 1

Lagelig til for høgg

Om mørke