Svigerfars viser

 

Då Jon Evil og eg spelte på jubileet for Strand vidaregåande skule for nokre år sidan, var ein av dei eks-lærarane som vart trekte fram min eigen svigerfar, og dette sjølv om han hadde gått av med pensjon, og jobba andre stader, så var det naturleg, og lett å sjå at han har betydd mykje for mange, som lærar, og som kollega.

Det er ei historie frå- Strand VGS, der svigerfar har eit fag med ein elektroklasse, det kan vera norsk eller samfunnsfag eller historie, det er ikkje viktig, men han hadde gitaren med seg i dei fleste timane, og drog ein song eller to som ein del av undervisninga, og fanga dei fleste - sjøl dei mest uengasjerte tykte det var feelgood i svigerfar sine timar. Og formidlinga hans var bygd opp kring ei begeistring, og eit ekte engasjement.

Nåvel, ein kollega kom inn i denne elektroklassen, og svigerfar var midt i ein song då hen opna døra inn til idyllen, og vedkomande skal då ha sett ut som eit spørsmålstegn, før hen let døra att igjen, strena innover gongen og ropte Dette her kan eg ikkje konkurrera med!

Det at svigerfar er sørlending, og at han smiler mykje og lyttar meir enn han snakkar gjer at han er lett å bli glad i, for fleire enn oss som reknar oss som hans næraste. 

Samstundes som han har vore lærar, har han drive med musikk, både i band, og med soloplater, og med Rållså, og dei siste par åra har han jobba med å laga melodiar til tekstar av Sørlandsdiktaren Wilhelm Krag.

I går hadde han sin debut som soloartist, i ein alder av 70 år, på Tau, i den nye arbeidskyrkja, og der var heile klanen Mige/Dvergbøy på framste rad.

Det var eit sus av forventning i lokalet, og godt med folk òg, og då han kom på, smilande og blid, vimsen og fokusert på ein gong, så fanga han oss med ein gong, snakka med begeistring om prosjektet, om sin egen solodebut og om Wilhelm Krag, og sørlendingen sitt lynne, og fletta igjennom konserten si eiga familiehistorie inn i diktinga, og snakkar ublygt om dei melodiane han har laga, samanlikna med ein komponist som heiter Halvorsen.

Han syng enormt bra, svigerfar, med innleving, og ein kan merka at han har stor kjærleik til desse tekstane, som er båe folkelege og har kunstnerisk kvalitet på ein gong. Skal ein samanlikna med nokon, ville kan hende Evert Taube eller Jakob Sande væra naturleg. Mest Taube, sidan mørkret til Sande ikkje er så synleg.

Kanskje er det noko Vresvijk og der.

Her er kjensler, forelskingar, kvardagsbeskrivingar frå 200 år tilbake, sjalusi, fest i skjergarden, og humoristiske vendingar, krydra med dialektale krumspring, og tekstane vert viste på veggen bak han, og det fungerer godt, tykkjer eg.

Og det er rom for både melankoli og trøkk, og etter ei stund seier svigerfar:

Æ ble så tørr i halsen, æ må gå å hente mæ no å drikke

Og så heng han frå seg gitaren, og lar oss sitte der i halvanna minutt, før han kjem tilbake med ein boks Pepsi Max i handa, og då ler Endre godt, og endå meir då boksen - etter ein stor slurk har vorte teken - vert plassert oppå det skinande blanke flygelet borti hjørnet, og seinare på halv åtte på notestativet

Innimellom kikar Bjørn på klokka, sog ser at han ligg noko etter skjema, men det er ingen som vil gå, og han får varm respons på alt han seier og gjer, og det er lett å sjå at han trivst i denne rollen, og me trivst saman med han.

Og det er derfor - fordi han formidler med slik uimotståeleg entusiasme - at hundrevis av elevar hugser han med glede mange år etter at dei er ferdige på skulen.

Og det er ikkje noko dårleg ettermæle å ha.

Han speler heile settet, pluss eit ekstranummer - 3-4 av songane med playback-instrumentering.

Eg tykkjer han er best med bare stemmen og gitaren, men det er ei smakssak.

Som tilhøyrar til dette - om enn litt inhabil - vil eg seia at dette er ei forestilling som held høg kvalitet, og som mange ville hatt glede av å sjå. Dei som ikkje er sørlendingar òg!




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Våland på Bryne med dobbel a

Bonde i fra bygda

Stemningsrapport fra en gothmetaldans på Tau.