I ville vesten



 Då eg var ung var det berre ein fjernsynskanal, eit fjernsyn som var uten fargar fram til VM på ski i 1980.

I 1980 var VM på ski relevant.

Det var ikkje slik at det var det same fjernsynet som fekk fargar, altså. Svartkvittfjernsynet, som var ein stor, brun kasse i tre, vart bytta ut med eit forrektigt fargefjernsyn.

Fjernsynsteateret på tysdagane var eigentleg betre i svartkvitt. Marginalt, altså. Teater er uansett best på teater.

Det var ryddig med berre ein kanal, så slapp me å krangle om akkurat det. På radioen var det òg berre ein kanal, fram til ein eller annan gong på 80-talet.

Det at der berre var ein kanal på fjernsynet gjorde at alle hadde sett det same, og då me kom på skulen, diskuterte me ivrig kva som hadde skjedd i I ville vesten på Laurdagen. I ville vesten var verdas beste fjernsynsserie for oss som var 12 og ikkje hadde noko å velga i.

Her om dagen kom eg over I ville Vesten, på Viaplay, eg tenkte kor ille kan det no vera, og ga det ein sjans. Gjensynet med Luke og Zeb Machahan og dei andre var - som venta - ikkje berre positiv.

Men introen og kjenningsmelodien tok meg tilbake til loftstova på Randøy, denne pompøse hornmusikken, og det bølgande landskapet, får framleis hjarta mitt til å slå litt hardare.

Likevel: eg orkar ikkje å sjå  meir enn eit par episodar. For det er tungt og seint, og skrekkeleg dårleg manus, og sjølv om Zeb og Luke framleis er blodtøffe, eller særleg Zebulon, då, så er karakterane utan djup. Dei onde er skrekkeleg onde, og dei gode er så å seia moralsk feilfrie, eg likar henne som spelar tanta som kjem frå Boston. Ho er vel 150 år gamal no. Og ho eldste søstera tykte eg jo var snasen.

Og bruken av skummel musikk for å understreka at noko er skummelt. Det er ein uting. Det har alltid vore ein uting.

Konklusjonen er at sjølv ikkje den flotte kjenningsmelodien og all skytinga kan løfta denne westernserien inn blant noko meir en ein Ng - som berre gamle folk som meg sjølv hugser frå karakterbøkene. Ng tyder Noko godt.

I 1982 var det ingenting som var betre. Og då han kom tilbake i 1983, var det lukka på jord.

Det er nok ingen som lengtar tilbake til tida då vi berre hadde èin fjernsynskanal, og ein radiokanal, og no har eg ikkje noko forhold til nokon kanalar, for det einaste eg ser live er fotball, og alt anna er stream.

Dei gongene me set oss til i kjellerstova for å sjå film på Laurdagane, med snop og brus og potetgull, er det sjeldan konsensus om kva me skal sjå, eller kva som ligg på kvifor ei strømmeteneste.

Det er årevis sidan Harry Potter - og Lord Of  The Rings- bonanzaane  våre. Og hadde eg freista å selja inn I ville vesten, så hadde eg nok vorte latterleggjort, og endt opp med å kjenne meg veldig gamal.




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta