dagane



Tida går i sirklar, dagar, veker, månader år, og alle har navn og dei forsvinn bak oss, dukkar opp framfor oss, og vi vert eldre.

Og årstidene skifter og det er merkedagar der, stabbesteinar langs vegen, og om ein ser seg bakover, så ser ein at dei ein gjekk saman med for nokre år sidan kan hende er ute av syne no, og når 26. Oktober dukkar opp, så er det ein slik dag som eg hugser, for det er dødsdagen til både far og mor, og bryllaupsdagen deira, og det er ikkje slik at eg sørgjer over dei lenger, for det har gått sju og tolv år. Men litt ekstra tenksam vert eg jo.

Og i går var det vel Lars Magnus som sa at tida går så fort, og så ufatteleg tregt på same tid.

Ein arbeidsdag kan vara evig, og eit år kan vera over på ein augneblink.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta