Du vil aldri gå aleine

 I dag, etter å ha venta i over to år med pandemi, har det endeleg lage seg slik at eg kan reisa på pilgrimsferd til Liverpool igjen.

Det er ein femtiårslags-spleis frå vener og slekt, for ellers hadde eg nok ikkje teke meg råd til dette, og særleg ikkje i slike tider som no, då alt kostar meir enn det bruka å gjera.

Sist eg var i Liverpool var i 2017, det var feelgood saman med Erlend og Svein Erik. På the Kop for første gong. Det var iskaldt, men enormt god stemning, allsang i samfulle 90 minutt pluss tillegg, og 1-0 mot eit ganske tannlaust Newcastle-lag.

Det er to sider ved dette å vera supportar av eit engelsk fotballag. Det eine er dei emosjonelle banda som bind deg til klubben. Augneblinkar av samhald og fotballglede. Trent sin 'corner taken quickly' som rundlurte heile Barcelona- forsvaret. Origi som sette ballen i mål.

4-0 og finale.

Eller Peter Crouch sitt hat trick mot Arsenal. Mirakelet i Istanbul. Sterke kjensler knytta til dette. 5-3 mot Chelsea, då Liverpool besegla seriemeisterskapet i 2020. I teltet der, utanfor oljemuseet. Vanskeleg å halde meteren då, for å seie det slik.

Då dei raude tapte finalen mot Real Madrid i vår, var det ein ung scouser som drog i gong You'll never walk alone inne på puben der, mens han grein, song av full hals. Det var så vakkert.

Eg har gode vener som er Liverpool- supporterar. Folk eg er glad i.

Ideelt sett skulle det ha vore slik at alle som held med Liverpool var kremfolk, men slik er det diverre ikkje, det er med skam å melda at det er ein heil del rasshøl òg, folk som ein ikkje har så mykje til felles med utanom interessa for klubben.

Og så er det dei som trur at det å ta på seg den raude drakten gjer dei adgang til ei slags forsinka russetid, og at ein dermed blir ein del av noko stort og stygt og usympatisk som er ute av kontroll. 

Om du tykkjer at russen er utåleleg, så prøv å treffa eit hundretals dritings mannfolk i femtiårsalderen, i like draktar, eit stort, dissande med oss eller imot oss - monster, der den drøyaste legg lista for kva som er greit og ikkje greit, og drakten du har på ryggen bind deg til dei, til rasshøla.

Men du ser òg positive, nydelege ting i supporterkulturen, familiar på tur. Eg hugser godt ein familie på fire på flyplassen, ei mor med to sønner, 7-8 år gamle. Kuyt på ryggen til den eine, Torres på den andre.

Og denne kriblinga, gleda over å skulle reisa til Anfield på kamp, få oppleva stemninga, og forhåpentlegvis sjå dei raude frå Merseyside valsa over motstandaren, å sjå Klopp på sidelinja, veiftande, engasjerande, rasande, jublande. For det er kjensler det handlar om i fotball, sjølv om supporterkulturen er eit tveegga sverd.

Men England, altså. Og Liverpool. Fytti.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta