Achy Breaky heart

 Klokka er omtrent 6 då Einstein sender meg ei melding på telefonen.

Er eg her?

Og eg seier hade til Endre og går ned trappa, kler på meg sko og jakke og g år ut i skumringa, og borti vegen kjem det trillande ein svart Tesla som stoppar framfor meg, og han har jo faen ikkje dørhandtak, den Teslaen, og etter ein del plunder får eg manøvrert meg ned i eit skinnsete frami cockpiten.

Det er nokså god stemning, og så seier Einstein til meg: Ska eg visa deg eit Teslatriks, Øystein?

Og før eg får svart trykkjer han på ein knapp på skjermen, og så opnar det seg eit hanskerom, og oppi det hanskerommet ligg det ei iskald Frydenlund fatøl.

Det er kan hende det beste Teslatrikset ever, og stemninga er heilt oppunder taket no. Eg drikk kaldt øl i store slurkar, og me høyrer på Høgsomeindrage.

Eg veit ikkje kvar Lassa er, det einaste eg veit er at Lassa var ein stad der alle smågutespelarane som spelte på Hjelm tidleg på åttitalet drog for å spela bortekampar, bortsett frå meg og eit par til.

Det er litt flaut å ha så lite oversikt som eg har over nabolaget, for Lassa er faktisk i nabolaget, berre litt nedover Madlaveien, og til høgre. Men eg  har jo uansett ikkje hatt noko ærend på Lassa, ikkje då smågutane til Hjelm spelte bortekampar der, i alle høve.

Men no har eg eit ærend der, saman med Einstein. Me skal besøka ein felles ven som er på rehabilitering.

Einstein svinger technobilen inn framfor eit lågt bygg,  med ei nokså høg blokk attmed, og så ringer han Runstein på høgtalaren.

Hallo

Ja, hei - me står ude på parkeringsplassen

ka vil du gjer?

Ja, me kan godt gå ud ein tur, ta ein kaffi elle någe

Bare venta litt, eg ska bare skifta kler fysst.

Einstein legg på - snur seg mot meg og seier: Runstein e tebage.

Eg ska bare dusja fysst! 

Me ler høgt begge to. Runstein er den mest hygieniske mannen eg kjenner. Han er lukta av 90tals-shampooen Herbal Essences, og går ikkje ut utan at han er presentabel.

Det vert hevda at då han var ung og arbeidde på eit fiskeslakteri, var han den einaste som dusja FØR han gjekk på jobb

Og så kjem han, og han er heilt lik seg sjølv, men samstundes mykje tynnare, og me klemmer, og det gjer så godt å sjå han, og så set eg meg bak, og me bestemmer oss for å køyra ein tur, nedover madlavegen, ut på motorvegen og sørover i den nokså fine haustkvelden, og praten går fint, som om ein av oss ikkje har vore dramatisk og alvorleg sjuk i mest eit år. 

Og det er han som spør mest, om all slags kvardagslege ting  som han er oppteken av, og Einstein styrer teslaen av motorvegen, mot Høle, og så mot Sandnes, og dei mimrar om då me spelte inn 2 album borti der, i Sound Suite ved Havana badeland. I 1997 og 1998, før Terje Refsnes flytta til Marseilles. Eg hugsar den vesle hunden hans, som hadde fast plass i studio, hundelukt i studio og klor ute i gongen.

Einstein svingar innom ein bensinstasjon, og me går inn og kjøper kaffi og boller, og ho som står bak kassen enser oss mest ikkje, ho syng med til Achy Breaky heart, som er ein song som for meg er manifestasjonen av alt som gjekk gale med countrymusikken på 90-talet. Men catchy er det.

Me vert ståande ved eit bord til Runstein vert flau, og så er det inn i bilen igjen, ned på motorvegen. Sørover mot Ålgård, og det mørknar, og det er så fint å sitja slik i cockpiten, og kan hende er det ostete, men det er sterke band som bind oss saman, oss 3.

Me snakkar om å sjå framover, og Runstein seier at han veg 79 kilo, men har vore nede i 72, og han kan ete sjøl, og er ikkje kvalm lenger, og han trener med fysioterapeut, og om ei veke skal han få koma heim.

Og så stoppar me igjen, utanfor coopen i Ålgård. Eller på Ålgård. Eller ved Ålgård.

Preposisjonar kan vera litt vanskeleg. Einstein går inn og kjøper brus til dei, og endå ei kald øl til meg, og no er me alle nøgde, og snur nasen heimover, og Einstein fortel om den overlegne Tesla-teknologien på ein ikkje-overlegen måte, med ein innsikt eg ikkje greier å ta inn. Men Runstein heng med enno, og så sig eg inn på wordfeuden på telefonen.

Og me droppar Runstein av ved Lassa, meir knib. Og eg vert køyrt heim til Tjensvoll, og vår mini-roadtrip har kome te ein ende, og det har vore så fint, dersom ein ser bort frå Achy Breaky som har festa seg på indreøyret som ein brunsnegel i ein hage av godsongar.

Og det er dagen etter, og songen er der enno, og det må han slutte med. Med ein gong.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta