Dårligt forsvar part 1

 







Det er helg, og eigentleg tykkjer eg at livet er for travelt no. Og særleg sidan eg ikkje har god oversikt, og ikkje taklar stress på ein utprega god måte.

Eg har vore i Liverpool, som forrige post indikerte. Det var ein fin tur, med veldig låg flatfyllfaktor, og dei grunnene som me støytte på undervegs fekk me karra oss av, og kome oss vidare ned elva.

Den første grunna var eit ugyldig pass ved utreise, og det er klart at slikt er kjipe greier, og særleg sidan flyet sto og venta på oss og det tok tid å få på plass eit naudpass. Og endå særlegare sidan det kosta friske 1300 kroner.

Ein varm applaus til lensmannskontoret på Bryne som sa at det gamle passet var gyldig.

Me åt vel eit av tidenes beste biffmåltid på ein Argentinsk restaurant på fredagskvelden, og nevøen min fekk i seg ei heil T-beinsteik, noko som er temmeleg imponerande med tanke på størrelsen på kjøtstykket.

Måltidet vart avslutta med tidenes ringaste Irish coffee, eg trudde kaffebønene på toppen var sjokolade, men det var dei ikkje, og resten var ikkje godt det heller.

Hovudvekta av deltakarar på denne turen var menn i alderen førti til seksti, med unntak av 3-4 barnefamiliar. Dei fleste var greie, i alle høve dei fire eg snakka med.

Eg diskuterte forsvarsspelet til Liverpool med to gutungar på ein av dei uendeleg mange turane eg hadde med heis opp og ned til 527 der me budde.

Dårligt forsvar vart me einige om.

På laurdagen var me og svei av uhorvelege summar i supportarsjappa, og så dreiv me litt rundt i byen medan me venta på at det offisielle opplegget skulle starta. Det var varmt i byen, oppunder 20 grader, og allereie då me hadde sett oss inn i bussane som skulle ta oss opp til The Sandon, innsåg eg at eg hadde teke på meg for mykje klede, og dessutan hadde eg store problemer med å få lasta inn kampbilletten min, og det genererte meir stress enn eg likte, men til slutt dukka han opp på mobilen, og eg kunne senka akslene. Vel framme ved puben vart me viste opp i andre etasje, der det lukta ei blanding av gass, lasagne og kylling med saus, og kvar delakar fekk eit måltid mat og ein pint med Carling, og jammen om ikkje vår gamle ven og Liverpool-legende Alan Kennedy dukka opp ôg, alltid hyggjeleg og veltalande og alltid klar til å signera draktar og program, og verte fotografert saman med supporterar, ein ekte gentleman.

Ronald, Kondis og eg dreiv bortover mot Anfield i god tid, det var ennå eit par timar til kampstart. Me var innom Hillsborough-monumentet, som var pynta med blomar, og det var heilt stilt der me sto saman med fleire titals andre supporterar.

Og eit stykke lenger borte var det hundrevis samla, og så kom det tre bussar med lag og støtteapparat, og det vart hoing og klapping og blitsregn, og over området kunne eg telja 3 droner som overvaka oss alle.

Og så gjekk me mot inngangen, som var like ved der Leeds-supportarane hadde inngang, og det tjukna til med folk, og me skulle inn ei smal svingdør, der me mått skanna billettane ein og ein, og då det vart min tur virka han ikkje og eg måtte gå tilbake og få hjelp frå ei veldig reservert servicedame to gonger før eg var inne. 

Sist eg var på Anfield sto eg med eit sesongkort til the Kop som ikkje var mitt, og som eg heller ikkje fekk til å virke. Føkking hell.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta