Dårligt forsvar part to


 

Vi var inne, på kortsida motsett av The Kop, og plassane våre låg heilt oppunder taket og sikten var upåklageleg.

Anfield vart fylt opp, sakte men sikkert. Leeds-spelarane starta si oppvarming framfor oss, til pipekonsert frå tribunen, men då Liverpoollaget starta si oppvarming var det applaus og gode tilbakemeldingar.

Meisteren sjøl sto i boblekåpa si ved midtsirkelen og betrakta Leedslaget si oppvarming, det skulle vera rutine, dette her Leeds låg nest sist på tabellen. Liverpool hadde ikkje tapt ein seriekamp på Anfield sidan 2017. Flomlysa var på, banen vart vatna ettertrykkeleg. Kva kunne vel gå gale?

Det er sterkt å stå og synga You 'll never walk alone før kampstart på Anfield, å stå med skjerfet over hovudet medan laga gjer seg klare utpå der. Det er hønehud på ryggen og brusande hjarta.

Og så starta kampen, det gjekk nokre 1få minutt, så sklei keeper Allison på eit klønete tilbakespel frå midtstoppar Joe Gomez, og Leeds trilla ballen i mål framfor The Kop.

Støtten frå heimepublikummet kom med stor kraft etter dette, men pasningsspelet sat ikkje heilt, midtbanen hang ikkje saman, det vart ein rotete omgang, men til slutt kom scoringa. Mo Salah scora i vår ende  rett før pause, og sende oss til himmels. Umåteleg god stemning, og det herska berre ei meining om kva andreomgang kom til å innehalda: Eit massivt Liverpoolpress, og minst eitt mål. 3 poeng og heng på tabelltoppen.

No er det slik i fotballen, at rettvise ikkje alltid speglar resultata ved kampslutt. Eit av fleire moment som gjer fotballen vakrare enn andre idrettar er at små lag kan spela uavgjort mot store. Små lag kan VINNA mot store lag, med flaks eller dyktigheit eller taktikk, fortjent eller ufortjent. Små drittlag kan ta tre poeng mot store fantastiske lag, dersom dei store ikkje har rett mentalitet, spelar godt nok, og ikkje evner å scora.

Då det var nokre få minutt igjen på klokka og Leeds bytta innpå ein liten tett plugg av ein italienar, og eg såg kor tend og bevegelig han var på Leeds sin venstrekant, tenkte eg for første gong at me kunne tapa denne kampen.

Og rett etterpå - to minutt før full tid - låg ballen i nota. I feil not. Eg kan sjå det i sakte kino, Anfield som vert heilt stilt, målscoraren som riv av seg drakta framfor bortesupportarane, bortesupportarane som plutseleg syng av full hals, bortelaget sin keeper som kjapt og effektivt, på dramatisk dett som ein sekk og legg seg ned og er 'skada' i mange minutt, heimelaget som ikkje greier dette, heimepublikumet som går mot utgangane, VIP-tribunane bak benkane først. The Kop står igjen, og me og men det er ingen som syng Youll never walk alone i vår ende, slik tradisjonen tilseier.

Konrad og eg har lyst til å banka opp ein medsupportar, som på klingande stavangerdialekt har klaga på Trent Alexander-Arnold heile kampen. Dette er ikkje hans feil. Dette er laget sin feil, laget som ei eining. Vinn som eit lag, tap som eit lag. Børst av dykk støvet. Kom grusomt attende ved neste høve.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta