Rustfest del 6, Hei hvor det går



Eg sedde klokkå på vekking kvart på seks, seier Arni. Eller det e kanskje best med halv?

Det har vore litt styr i aksen flybillettar til akseptable prisar - Ok reisetid/ tidspunkt.

Det har gjort seg utslag i at me reiste til UK på ein Torsdag, og skulle fly heim igjen halvniish på Søndagen.

Mike hadde bestilt drosje  og ordna fastpris. Me stappa inn utstyr og instrument og fossa sørover ned M6 i den tidlege vårdagen.

Flyplassen i Manchester skapa ein del styr, og heldigvis var det tidleg, slik at me kunne stå og ta utstyr ut og inn av baggar og koffertar og verta kroppsvisiterte på det grovaste. Det er mykje gaping og veifting her.

Have you got anything in your pockets, sir? 

Det hadde eg. Myntar. Når hadde eg sist myntar i lommane? Sikkert femseks år sidan.

Oh, that's right - you can have them if you want, seier eg.

Han peikar på ei plastkorg. Put them in there, sir.

Og så må eg igjennom perleporten endå ein gong, og i sidesynet skimtar eg Timmy og Arni som har liknande utfordringar på sine baugar og kantar.

Og til slutt er securitasane nøgde, og me kan kle på oss skor og belter og stappa pass og billettar og musikkutstyr (og myntar)  sånn omtrent på plass.

Manchester flyplass er mindre glamorøs enn dei fleste norske flyplassar. Javel, dei sel parfyme og taxfree sprit og sigarettar, men det luktar ikkje  slik som det gjer til dømes på Sola og Gardermoen.

Me har god tid. Arni handlar taxfree. Eg kjøper ei flaske rom som eg får med meg i ein forsegla pose. Me flyr. 

Då me kjem til Gardemoen må me inn i ein ny, absurd tryggleikskontroll, der romflaska mi vert inndregen av di det ikkje ligg kvittering oppi den forsegla posen. 

Eg er gamal nok til å skjøna at det ikkje nyttar å krangle. Eg snører på meg bootsa for tredje gong og er sur.

Dei som kjenner meg veit at eg bekjenner meg til venstresida politisk. Enkelte tilogmed folk eg tidvis pleier omgang med meiner at alle som røyster Raudt eller SV er enten uintelligente eller misunnelege eller beggje deler , og det står dei jo heilt fritt til å meina.

Eg tar ikkje den debatten her. Og ikkje på fest. 

Ein av dei som snakkar best om solidaritet og verdighet og folk flest og motbydelege forskjellar og rikdom er Mimir Kristianson, som eg sjølv har vore med på å røysta inn på stortinget, og då Timmy og eg dukkar inn i flyet, så sit han der, med konge beinplass på SAS pluss og smiler, og då Timmy og eg får smygd oss inn i seta våre der bak i flyet, bryt me ut i unison lått.

HÅHÅHÅ! FOLK FLEST MEG I RAUÅ!

Me flyg heim over Årdal og Tau før flyet treff asfalten på Sola.

Og alle var einige om at det hadde vore ein bra tur.

Biletet har eg lånt frå google


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Bonde i fra bygda

Venterommet

Forbrytelse og straff.