Vikeså / Vidjesåå

Eg veit mykje meir om Vikeså enn om Nærbø.
Det hender framleis at eg stoppar på Essoen på tur opp-eller ned til Kristiansand.
Gamlekjerasten min kom herfrå. Ho budde oppi Svelabakken saman med foreldra sine og litlesyster si. Eg kjørte ofte hit i helgene. Eg trur eg var godt likt av heile huslyden - inkludert den viltre Cocker Spaniel-hunden hennar - han som heitte Nino Pavarotti, og som halte og drog i det bandet med ein iver som var uovertruffen. Han sprang etter kattar, gjødde på andre hundar, og var i det heile fullstendig utan grenser. Han sov i senga hennar og. Midt i, som om det var den mest sjølvsagte ting i verda. Og han hadde ånde som lukta av fanden og fandens fluer. Det var kan hende ikkje så rart hvis ein tenkjer på kor han vaska seg med den tunga. Han fekk ikkje slikka meg i andletet, for å seie det sånn.

Vi pleidde å gå tur med han. Gjennom ein røyr under E39, forbi Statoil og heradshuset og eit stykke innover, forbi FN-Parken, og ut gangvegen som går langs Svelavatnet.
Alltid med denne vegen, denne åra av støy og eksos, den som går utafor blokka vår og tusenvis av andre bygningar.
Det var ein eller annan som sa at Vikeså var kåra til landets styggaste kommunesentrum, og dersom ein ser på det, så kunne det sikkert ha vore kutta litt ned på betongen, men eg trur eg har sett verre. Eg  har budd på jørpeland. Ikkje akkurat noko Firenze det heller.

Eg synes å hugsa at Bjerkreim var den einaste kommunen i Rogaland som hadde eit større NEI-fleirtal under EU-valget i 94 enn hjelmeland.

Eit adelsteikn i mine auger.

Foredraget på Vikeså vart avlyst og det er litt bra. For då slepp vi å stå opp i otta og kjøre i morgonrushet i timevis. Men mest dumt, for medlemmer av panelet hadde kanskje hatt eit tips eller to som Kidsa kunne hatt nytte av.




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta