Nærbø (Nibbe) Dag 1

Eg veit ikkje så mykje om Nærbø.
Men som Ryfylking misunnar eg dykk det fine lyset og havet, den vide, opne himmelen.
Han gjer meg ein slags fred.
Me ryfylkingar har frå gamalt av hatt  kompleksar for Jærbuar. Me tykkjer dei er bresne. Har så græævla store kjelve og traktorar, og ja. Tykkjer dei er betre enn oss. Dessutan snakkar dei rart. Men då tenkte me sikkert på folk frå Bryne. Eller Varhaug. Eller Klepp. Det er fort gjort å forveksla

Eg feira nyttår her ute ein gong. Med kjærasten min og to andre par. Det er kan hende ti år sida. Eg hugser det var mørkt og blæs og at eg ikkje såg ein einaste rakett. Eg hugser lyden fra havet og smaken av verdas torraste kalkun. At snøen låg i skitne fenner.
Eg hugsar at me køyrde i mors gamle Datsun Laurel. Heim igjen. At det var Rållså som styrte. At Arnstein og eg drakk restepils i baksetet på nyttårsdagen og at det var fint. Heilt til me var halvvegs på motorvegen. Halvvegs til byn, då vindusviskarane slutta å virka, midt i ei heftig haglbyge. Me stoppa på vegens skulder, som det heitte i sjåførboka. Venta til dei byrja å virka igjen eller byga var over.
Må pissa sa eg
Eg òg sa Arnstein
Det såg heilt sikkert kjempesmart ut. To langhåra plommetjuvar som sto og pissa ved motorvegen. Halvegs mellom ikea og auglendstunnellen. Det såg ut som det var det me hadde stoppa for.

Takk Gud for at smarttelefonen ikkje var funnen opp enno då.

Det vert fint å koma attende dit.. Fint at dei vil ha oss der. Til å snakka om blogging.
Det er der vi byrjar. Det er der vi ser om båten flyt.  
Og på Vikeså ungdomsskule i morgon får vi sjå om han tôler sjø.
 

Kommentarer

paaskeharen sa…
Men Vikeså vart avlyst. Tough luck! Posten om dalanes Paris er alt skriven.
Velkommen til oss! ;-)
paaskeharen sa…
Takk! Gikk fint. Litt glissent, men god stemning.
Ja, skulle gjerne hatt flere der. Gjerne flere tenåringer med foreldre!

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta