Innlegg

Du vil aldri gå aleine

 I dag, etter å ha venta i over to år med pandemi, har det endeleg lage seg slik at eg kan reisa på pilgrimsferd til Liverpool igjen. Det er ein femtiårslags-spleis frå vener og slekt, for ellers hadde eg nok ikkje teke meg råd til dette, og særleg ikkje i slike tider som no, då alt kostar meir enn det bruka å gjera. Sist eg var i Liverpool var i 2017, det var feelgood saman med Erlend og Svein Erik. På the Kop for første gong. Det var iskaldt, men enormt god stemning, allsang i samfulle 90 minutt pluss tillegg, og 1-0 mot eit ganske tannlaust Newcastle-lag. Det er to sider ved dette å vera supportar av eit engelsk fotballag. Det eine er dei emosjonelle banda som bind deg til klubben. Augneblinkar av samhald og fotballglede. Trent sin 'corner taken quickly' som rundlurte heile Barcelona- forsvaret. Origi som sette ballen i mål. 4-0 og finale. Eller Peter Crouch sitt hat trick mot Arsenal. Mirakelet i Istanbul. Sterke kjensler knytta til dette. 5-3 mot Chelsea, då Liverpool bese...

dagane

Bilde
Tida går i sirklar, dagar, veker, månader år, og alle har navn og dei forsvinn bak oss, dukkar opp framfor oss, og vi vert eldre. Og årstidene skifter og det er merkedagar der, stabbesteinar langs vegen, og om ein ser seg bakover, så ser ein at dei ein gjekk saman med for nokre år sidan kan hende er ute av syne no, og når 26. Oktober dukkar opp, så er det ein slik dag som eg hugser, for det er dødsdagen til både far og mor, og bryllaupsdagen deira, og det er ikkje slik at eg sørgjer over dei lenger, for det har gått sju og tolv år. Men litt ekstra tenksam vert eg jo. Og i går var det vel Lars Magnus som sa at tida går så fort, og så ufatteleg tregt på same tid. Ein arbeidsdag kan vara evig, og eit år kan vera over på ein augneblink.

I ville vesten

Bilde
 Då eg var ung var det berre ein fjernsynskanal, eit fjernsyn som var uten fargar fram til VM på ski i 1980. I 1980 var VM på ski relevant. Det var ikkje slik at det var det same fjernsynet som fekk fargar, altså. Svartkvittfjernsynet, som var ein stor, brun kasse i tre, vart bytta ut med eit forrektigt fargefjernsyn. Fjernsynsteateret på tysdagane var eigentleg betre i svartkvitt. Marginalt, altså. Teater er uansett best på teater. Det var ryddig med berre ein kanal, så slapp me å krangle om akkurat det. På radioen var det òg berre ein kanal, fram til ein eller annan gong på 80-talet. Det at der berre var ein kanal på fjernsynet gjorde at alle hadde sett det same, og då me kom på skulen, diskuterte me ivrig kva som hadde skjedd i I ville vesten på Laurdagen. I ville vesten var verdas beste fjernsynsserie for oss som var 12 og ikkje hadde noko å velga i. Her om dagen kom eg over I ville Vesten , på Viaplay, eg tenkte kor ille kan det no vera, og ga det ein sjans. Gjensynet med Luke...

Svigerfars viser

  Då Jon Evil og eg spelte på jubileet for Strand vidaregåande skule for nokre år sidan, var ein av dei eks-lærarane som vart trekte fram min eigen svigerfar, og dette sjølv om han hadde gått av med pensjon, og jobba andre stader, så var det naturleg, og lett å sjå at han har betydd mykje for mange, som lærar, og som kollega. Det er ei historie frå- Strand VGS, der svigerfar har eit fag med ein elektroklasse, det kan vera norsk eller samfunnsfag eller historie, det er ikkje viktig, men han hadde gitaren med seg i dei fleste timane, og drog ein song eller to som ein del av undervisninga, og fanga dei fleste - sjøl dei mest uengasjerte tykte det var feelgood i svigerfar sine timar. Og formidlinga hans var bygd opp kring ei begeistring, og eit ekte engasjement. Nåvel, ein kollega kom inn i denne elektroklassen, og svigerfar var midt i ein song då hen opna døra inn til idyllen, og vedkomande skal då ha sett ut som eit spørsmålstegn, før hen let døra att igjen, strena innover gongen og ...

Achy Breaky heart

 Klokka er omtrent 6 då Einstein sender meg ei melding på telefonen. Er eg her? Og eg seier hade til Endre og går ned trappa, kler på meg sko og jakke og g år ut i skumringa, og borti vegen kjem det trillande ein svart Tesla som stoppar framfor meg, og han har jo faen ikkje dørhandtak, den Teslaen, og etter ein del plunder får eg manøvrert meg ned i eit skinnsete frami cockpiten. Det er nokså god stemning, og så seier Einstein til meg: Ska eg visa deg eit Teslatriks, Øystein? Og før eg får svart trykkjer han på ein knapp på skjermen, og så opnar det seg eit hanskerom, og oppi det hanskerommet ligg det ei iskald Frydenlund fatøl. Det er kan hende det beste Teslatrikset ever, og stemninga er heilt oppunder taket no. Eg drikk kaldt øl i store slurkar, og me høyrer på Høgsomeindrage. Eg veit ikkje kvar Lassa er, det einaste eg veit er at Lassa var ein stad der alle smågutespelarane som spelte på Hjelm tidleg på åttitalet drog for å spela bortekampar, bortsett frå meg og eit par til. De...

Du må sette opp en god disposisjon slik at du unngår aproposer (men det går helt fint uten også)

 Forleden var Rållså, Ingrid og jeg på en prøveforestilling av Narnia på hovedscenen på Rogaland Teater. Vi hadde seter helt framme på første rad, helt på midten, og da det skulle starte svikta først prosjektoren - som hadde en nokså stor rolle i åpningen, og rett etterpå røyk det noen sikringer, så da blei det tid til å handle smågodt og kaffe i foajeen. Skuespillerne var i gang etter en snau halvtime, og vi ble dratt inn i et univers av svart og hvitt, og noen sinnsykt kule kostymer, som var veldig gothic (bare med varianter av horn) og en stor del av dybden i scenen var brukt til ei diger, rund plate, hvor dramaet utspilte seg. Tre eldre ungdommer fungerte som fortellere, og jeg synes alle oppå scenen der gjør en fantastisk innsats. Det blir brukt veldig moderne teknologi, som også fungerer godt, et kamera som filmer som blir blåst opp på storskjerm. Nydelig lyssetting, og 'gjengen' til isdronninga var helt fantastiske. De mest rørende scenene er hvor det blir sunget opera, ...

new order

 Det blir sagt at nøkkelen til et langt, eller stryk det. Nøkkelen til et lykkelig liv er å holde liv i nysgjerrigheten, og utfordre seg selv - lære seg nye ting - gjøre nye ting hele tiden. Utvide horisonten. Jobbe på nye måter. Jeg kjenner sånne mennesker - sånne som gjør slike ting - jeg er ikke der. Dessverre eller heldigvis. På mandag hadde Rållså og jeg 7 års bryllupsdag. Det er ikke så ofte at vi markerer slikt, men det laga seg denne gangen, og jeg foreslo sushi siden jeg vet at Rållså liker det, mens jeg (fram til mandag) ikke hadde smakt det i det hele tatt. Jeg vil si at jeg har hatt et nokså fullverdig liv på tross av dette, motstanden mot rå fisk har ikke vært innbitt og hatefull, det har bare ikke vært noe som har ligget høyt på prioriteringslista. Jeg har strengt tatt ikke noen prioriteringsliste. Når jeg tenker meg om. Jeg har vært likegyldig til sushi, la oss heller si det sånn. Vi hadde Endre med oss i bilen, i høstværet, og han underholdt oss med anekdoter fra Mi...