Bensin eller Diesel?

 I svemnen er vi aleine.

Heilt aleine, tenkte eg då eg vakna på soverommet sjølv om Rållså låg ved sida av meg,  klokka var ti på seks. Og eg kom til å tenka på Arnstein og May Helen som hadde ein passiar ute på Hidle sist, under frukosten, der ho seier at ho ikkje treng noko tid i det heile om morgonen. Ho kan berre fyra på, stå opp, setja seg i bilen og gå ut i livet, så å seie utan førebuingar. Her kjem eg.

Arnstein treng helst eit par timar, til å drikka kaffi og (ser eg for meg) sjå tenksamt ut i lufta, høyra musikk, og sikkert gjera seg nokre tankar om korleis dagen skal utarta seg. 

Ho er bensinmotor, og han er diesel. Sjå, no snakkar han mekanikarspråket, han som knapt veit korleis ein forbrenningsmotor virkar. Eg er mest diesel eg med. Eg må ha greit med tid om morgonen, for alt er øydelagt dersom eg må skunda meg. Dersom eg må leita etter noko, dersom eg gløymer noko. alle desse tinga skjer. Med ujamne mellomrom, At eg må snu og gå heim igjen og henta det eg har gløymt.

Gløymer eg noko så er eg ikkje aleine lenger. Då sit han der. på aksla som ein jævla gribb.

Av og til, når eg kjem på jobb akkurat eller litt etter sju, sit det nokon på pauserommet som skulle ha sete ein annan stad. Nokon som meiner noko om alt, sjølv om dei ikkje nødvendigvis veit så mykje om emnet. Nokon som fyrer kvarandre opp. Det er her bluetoothklokkene mine verkeleg kjem til sin rett.

Og viss det er kaffi då, så går det greit likevel.

Men ideelt er det ikkje


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta