Nynorsk er språkets vinyl

 Det å uttrykkja seg skriftleg har alltid vore lettare for meg enn muntleg, for ved å skriva kan ein tenka undervegs i formuleringane, og med litt flaks så heng orda saman og dannar tankerekker som gjer meining.

Ein annan ting er at verbale utsagn ikkje kan viskast ut (dersom ikkje samtalepartnarane er heilt demente, men uansett om dei er det, så er det alltid sjans for at ein eller annan veiver med ein mobiltelefon og  dermed filmar, og kan laga eit frekt potpurri av alt det uheldige ein har plumpa ut med, eller ein tiktok). Eg hatar det nye språket.

Så i dag har eg gjort det kunststykket å starta eit innlegg med ein digresjon.

Eg hatar det nye språket. Det gamle språket - det som var norsk - er døyande i både munnleg og skriftleg form, det er erstatta med engelske frasar og emojiar. Ok har vorte K for å spara tid.

Eit vanleg, nøytalt 'ja' med eit punktum bak vert - av den yngre generasjonen - oppfatta som passivagressivt, og i alle høve dersom ein ikkje har strødd på eit antal hjarte- og smile - emojiar i halen.

Unnskuld meg, men kva er det med det norske språket som gjer det så fattig at me ikkje kan bruka det til å kommunisera med?

Eg er på eit Quest - 'The quest narrative', som Janne Stigen Drangsholt ofte refererer til - eit quest for å ta språket attende. Eg kuttar gradvis ut emojiane, eg bruker hjarta til dei eg er glad i, og til nauds eit smilefjes om eg tykkjer noko er morosamt. Og ALDRI ALDRI MEIR ENN EIN OM GONGEN! EIN GONG ER NOK FOR SVARTE SATAN! Meir enn nok.

Vaksne folk har eit ansvar for å bidra til å ta ned smileybruken, dette djevelens åndsfattige kommunikasjonsmiddel, og på sikt fasa han heilt ut. Me treng han ikkje. Og eg - for min del - eg skjønar han ikkje.

Død over emojien. Kill!

Av alle emojiar eg hatar, er smileblunkefjesemojien - besservissarens favorittvåpen - den eg eg hatar mest. Det er emojiens LILLE VENN. Fjern han! Forby han! Bøtlegg all bruk og inndra førarkortet.

Eller kan hende det held med 3 prikkar og ni tusen i bot. Til nauds 3 veker betinga fengsel og inndragning av alle elektroniske kommunikasjonsmiddel.

Jævelskapen må ta slutt. For natas.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta