Eg treng ein helt

 Jungelen av seriar og filmar tilgjengeleg på det uendelege intranettet har sendt meg attende til klassikarane frå min ungdom.

Blues Brothers, Pulp Fiction, Lock, Stock & Two Smoking Barrells.

Og Patrioten med Mel Gibson. Då eg såg Patrioten tenkte eg at denne filmen er så lik Brave Heart, at det mest ikkje er nokon forskjell. Han likar godt å spela helt, han der Gibson. Jesus og Willam Wallace og ein eller annan Amerikansk frigjeringshelt.

Og Mad Max. Helting og kriging med moral, mot ein ond,ond fiende. Perfekt for Hollywood.

Eg  har vore på ein runde på sørlandet, under HMS-fana. Ordet HMS i seg sjølve har sløkt lyset i mangt eit kremmarblikk. Ein helsikes mykje styr. Og ein helsikes lang veg frå Mel Gibson.

På måndag før eg reiste, var eg deltakar i eit familiedrama som handla om eit manglande pennalihus, og dramaet nådde slike høgder at då eg vart lei og herma etter personen som hadde leita og ikkje funne, så fekk eg kjeft både frå Rållså på badet og personen, og så toppa det seg med at katten låg i trappa og beit etter meg då eg gjekk forbi.

Det var med andre ord heilt ok for dei heime at eg vart vekke nokre dagar.

Lurer inn eit refreng frå Connie Francis til slutt! Knib!


'Cause everybody's somebody's foolEverybody's somebody's babyAnd there are no exceptions to the ruleYes, everybody's somebody's fool


 



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Hits for kids.

Midt i hjerta